Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Fylkeskulturprisen 2016 går til Inger Marie Bakke

Fylkeskulturprisen 2016 går til Inger Marie Bakke

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok samrøystes å gje fylkeskulturprisen for 2016 til Inger Marie Bakke. 

Inger Marie Bakke er tildelt fylkeskulturprisen for 2016. 

Prisen blir utdelt under opninga av fylkestinget i Molde 12.desember.

Skodespelar frå Ålesund

Inger Marie Bakke er 42 år og kjem frå Ålesund. Ho er utdanna ved Bergen teaterhøgskole i tillegg til internasjonale studiar i England, India, Italia og Sverige. Ho har jobba som skodespelar, og har frå første dag hatt heile landet som sitt verkefelt.

Dei første åra av yrkeskarrieren turnerte ho mykje i Nord- Noreg. Frå ca. 2004 og til dags dato har ho arbeidd mest i Ålesund og Møre og Romsdal, med unntak for periodar på turné med for Den kulturelle skulesekken.

Kreativitet og fantasi

-Hennar særmerke er at ho stiller høge krav til seg sjølv og til medarbeidarane sine. Det største publikummet hennar har vore barn og ungdom, og Inger Bakke har alltid kravd ”ekte vare” til dei unge. Med imponerande energi skaper og utviklar ho scenekunst med fokus på det spontant kreative, leikne og fantasifulle, seier leiar av kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

Leiar for Høstscena

Bakke er kunstnarisk leiar for Høstscena, tidligare kalla Ålesund teaterfestival. -Ho har endra og utvikla Høstscena til det den er i dag. Bakke har vist eit stort initiativ gjennom engasjementet sitt innan kulturfeltet, over fleire år, seier Nerås Krogsæter. -Ho har vore initiativtakar og har vist ei gjennomføringsevne som har gitt resultat, som heile fylket og landet kan nyte godt av.

Kvalitet i kulturtilbodet til barn og unge

Bakke er relativt ung, men har fått utført prosjekt som har gitt ho som kunstnar respekt i miljøet. Ho er opptatt av kvalitet i kulturtilboda til barn og unge, noko som er løfta i utarbeiding av Kulturtanken nasjonalt.

Bakke er også engasjert i folkehelsearbeid. Gjennom kulturavdelinga har ho blant anna vore engasjert som kurshaldar og kokk i folkehelseprosjektet «Fiskesprell», eit kurs om fiskemat i barnehagane i fylket. Med kombinasjon kokk og skodespelar, har ho på engasjerande vis formidla at sunn mat er fantastisk god mat.