Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Fylkesordføraren sin tale

Fylkesordføraren sin tale

Her er fylkesordføraren sin tale til fylkestinget 11. juni 2012.

Fylkesordførar Jon Aasen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Gode fylkesting, administrasjon, presse og andre.

Velkomne til fylkesting i Geiranger og til hjartet av verdsarvområdet. I år er det ti år sidan  Geiranger som ein del av Vestnorske Fjordlandskap fekk status som verdsarvområde. Eg syntes det var både stort og høgtideleg å få vere tilstades i Durban i Sør-Afrika då verdsarvkongressen gjorde sitt vedtak i 2005. I tillegg var det ei oppleving av kontrastar. Det sørafrikanske demokratiet var relativt nytt og uferdig, og kontrasten til det vi i vårt demokrati er vane med var enorm, særleg med omsyn til personleg sikkerheit. Slike opplevingar  viser tydeleg kor priviligerte vi er som kjem frå Norge. Etter fylkestingsamlinga skal det vere ei markering av Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv med eit fyldig program torsdag den 14. juni.

Eg får lov å sitere frå vår planstrategi for dei komande åra:

-Møre og Romsdal er eit fylke med gode føresetnader for framtidig vekst og utvikling. Planstrategien har søkelys på attraktivitet og framtidig bu- og blilyst.

Breidde og variasjon i arbeidsmarknaden, offentlege tenester av høg kvalitet, eit mangfaldig kultur- og fritidstilbod, gode handels- og sørvistilbod og effektive kommunikasjonar er difor sentrale satsingsområde i komande planperiode.

Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av å vere ein tydeleg medspelar i bygginga og vidareutviklinga av Møre og Romsdal. Dette gjer vi i fellesskap og i samarbeid med med andre – kommunar, regional stat, næringslivet, frivillege organisasjonar osv.

Målet må vere at vi i fellesskap og gjennom samarbeid kan drive eit regionalt utviklingsarbeid som gjer at vi sjølve og andre ser Møre og Romsdal som eit fylke for framtida.  Sitat slutt.

Dette er oppgåva vår, og det er dette vi innanfor våre prioriteringar og  etter beste evne skal gjere.  I det arbeidet vil eg gjerne tydeleg understreke at eg ser på dette som heile fylkestinget si oppgåve, ikkje berre den såkalla posisjonen. Med dette meiner eg ikkje ansvarsfråskriving, men inkludering av alle politiske krefter i fylkestinget.

Vi la grunnlaget for eit teneleg samarbeid gjennom budsjettprosessen. Då fremja fylkestinget til votering eit fellesframlegg. Det betyr ikkje at heile fylkestinget fekk rom for sine hjertesaker, men fylkestinget såg verdien av å finne ein felles ståstad innanfor det som var realistisk å få vedteke. Eg trur ikkje fylkestinget vert meir politisk usynlege av den grunn, snarare viser vi folket i Møre og Romsdal at politikarar også kan samarbeide om felles målsettingar.

Eg ynskjer å medverke til at dette om mogeleg kan halde fram, men det kjem vi tilbake til ved neste budsjetthandsaming. Det er viktig indremedisinsk for fylkestinget at det kan vere med å legge grunnlaget for eit godt politisk klima der politikarane kan samarbeide på tvers av parti- og posisjon/opposisjonsgrenser. Eg trur ikkje det er ønsketenking eller rosemåling av situasjonen når eg hevdar at dette er vi i ferd med å oppnå.

Dagens fylkesting er inne i sitt fyrste styringsår. Det betyr at oppsummering av året bak oss kan vi ikkje gjere, og det grunnlaget som tidlegare er lagt, er det andre som skal ha æra for, men også ansvaret for.

Og grunnaget er ikkje dårleg.

Denne talen til fylkestinget vert ikkje ei årsmelding, men snarare ei konstatering av fakta og ein kommentar til det, og med forsøk på visjonar og synspunkt på åra som kjem.

Møre og Romsdal har på mange måtar vorte signalfylke på norsk økonomi og utvikling. Med det meiner eg at vårt fylke i stor grad har vorte fylket som har i seg dei næringane som for ein stor del er verdiskapande for heile landet.

Det gjeld petroleumsindustrien, den maritime industrien, fiskeri og matproduksjon, møbel, reiseliv, og her vil det også vere rett å ta med utdanning.

Vi er sette til å styre eit fylke som går godt. Ikkje berre har vi positive resultat i vårt eige hus, men næringslivet vårt går godt og det er eit fylke som har ein meiningsfull og spennande kvardag, men også ei spennande og - etter mange forståsegpåarar si meining - lysande framtid. Føresetnadane burde vere tilstades.

Ein av dei eg gjerne lyttar til, og sikkert mange med meg, er professor Arild Hervik.

Ved framlegging av Konjunkturbarometeret “ Temp “ og med kommentarar til no-situasjonen, seier Arild Hervik at det går godt i fylket vårt og at optimismen er stor. Størst er den på ytre Nordmøre. Og det er bra å lese og høyre.

Bakgrunnen for denne optimismen er vårt petroleumsrelaterte næringsliv som gjer det veldig bra for tida. Vi har fått med oss at det skal investerast nesten 200 milliardar kroner offshore. Dette gjeld transportløysingar for funna i Barentshavet og kanskje endå viktigare, transportløysingar for funna utanfor Midt-Norge. Berre investeringane i vårt nærområde vil vere på om lag 20 milliardar kroner. Det er klart at det vert ringverknader av slikt. Gassfunna på Haltenbanken må finne ei transportløysing til marknaden i Europa. Åsgard transport er full, og vil vere det i lang tid.

Funna er ikkje store nok til å forsvare ei ny leidning til Europa, og då er Nyhamna på Aukra det beste alternativet.  Langeled kan ta unna litt og samordne transport og uttak frå Ormen. Dermed er Nyhamna eit gassknutepunkt som kan spele ei viktig rolle når gassen frå nordområda skal finne ei transportløysing.

Litt tilbake til professor Arild Hervik. “Nå stuper alt”, var meldinga frå næringslivsavisa Dagens Næringsliv. “Kjempebra!”, seier Arild Hervik. Det passar veldig bra for næringslivet i Møre og Romsdal at oljeprisen fell seier professoren, for då får vi ei svakare krone og dermed mindre press på vår konkurranseevne og endå betre; det hjelper våre handelspartnarar i Europa at oljen blir rimelegare, og  det styrkar eksportindustrien vår. Trusselbildet er likevel at vi får eit tydelegare to-delt næringsliv. På den eine sida dei som jobbar i oljerelaterte bransjar, og på den andre sida det øvrige næringslivet. I dette bildet er det likevel gledeleg å sjå at møbelindustrien presenterer gode tal.

På eksportstatistikken har Møre og Romsdal festa grepet om 3.plassen, etter Rogaland og Hordaland. Med dei store offshore- utbyggingane som kjem dei nærast fem til ti åra, vil fylket vårt bli endå meir eit bilete på det eksportretta og verdiskapande Norge. På Jazzgass i år, vil dette vere tema. Der vil sentrale aktørar frå stat og næringsliv presentere framtida på norsk sokkel og forventa ringverknader for vårt fylke. Det er grunn til å gle seg til den presentasjonen.

Men Møre og Romsdal er heldigvis så mykje meir enn ptroleumsnæringane.

 Vi har styrka 1. plassen når det gjeld matproduksjon.

Møre og Romsdal er landets fremste fiskerifylke, både når det gjeld produksjon og eksport. Nesten ein tredel av eksporten frå Møre og Romsdal er matvarer, der fisk utgjer 95 prosent. Dette gjer Møre og Romsdal til landets klart største eksportfylke når det gjeld matvarer, nesten dobbelt så store som nummer to.

Vi er landets største sjømatfylke og produserer om lag 700 000 tonn sjømat pr år. Det tilsvarar 3 milliardar porsjonar sjømat til verdas befolkning.

Matproduksjon er høgteknologi. Dette gjeld både innanfor landbruket og innanfor havbruk og fiskeri. Målet er ikkje berre auka forteneste og rasjonalisering, målet er minst like viktig  ei berekraftig utvikling av sjø- og landareal der dyrevelferd og fiskevelferd er vesentleg. Forvaltninga jobbar nært med forskningsmiljøa våre i den samanheng. Omegaland er eit nytt ord og som har sitt viktigaste fotfeste i vårt fylke. Dette er høgteknologi innanfor folkehelse og medisin.

Innanfor jordbruket ser vi ei næring i sterk omstilling. Næringa er i endring frå små bruk til større drifteiningar. Talet på mjølkebruk blir stadig redusert medan mjølkeproduksjonen i fylket held seg uendra.

I eit fylke der dei fleste piler pekar oppover, er dette ei tydeleg utfordring.

 

Utdanning er vår viktigaste oppgåve som fylkespolitikarar. Faktisk er det viktigare enn å bygge vegar og legge asfalt, men i min argumentasjon vil det vere to oppgåver som utfyller kvarandre. Det kjem eg tilbake til.

Alle som treng å tilsetje nye folk for å få gjort pålagde eller ønska oppgåver, leitar etter kompetente folk. Desse vert det vanskelegare og vanskelegare å finne. Ikkje fordi kompetansen går ned, men fordi konkurransen om arbeidskrafta er stor og blir større.

Då vinn den som gjer seg lekrast, som betaler mest eller som har ein arbeidsplass å tilby som er på ein attraktiv plass å bu eller ein kombinasjon av fleire positive faktorar.

Det er her samferdselspolitikken kjem inn som ein del av grunnlaget for utvikling og velferd. Å bygge vegar og å legge asfalt er ikkje eit mål i seg sjølv. Det er eit middel for å nå måla. Mangt er gjort og meir er planlagt i den samanheng. Våre prioriteringar innan samferdsel har vi stort sett greidd innanfor ramma av å få til større og meir attraktive bu- og arbeidsmarked.

Vegdirektoratet har sett i gong et prosjekt som heiter fergefri E39. I klar tekst betyr det ein fergefri veg frå Kristiansand til Trondheim. Vi har høyrt det før nokre av oss, ivertfall dei på min alder. På 80-talet var det eit prosjekt som heitte Kyststamvegen. Den kokte bort i kålen. Det prosjektet retta ut nokre svingar på nokre av dei vegene som allereide var der, men ny Kyststamveg vart ikkje bygd, og det var kanskje like greitt. Den teknologiske utviklinga har gått fort. I dag er det realistisk å snakke om ein fergefri E39 teknologisk. Det er det som gjer prosjektet både spennande og ikkje minst realistisk. Undersjøiske tunnelar har sine begrensningar når det gjeld havdjup. Alternativet er bruer, og i denne samanheng kombinasjonen av flytebruer og konvensjonelle bruer. Vi har den mest kompetente maritime industrien i verda. Kven skulle ha betre føresetnader for å vere med på denne utviklinga med nye fjordkryssingar enn nettopp vår kompetente industri? I tillegg har vi ein nasjonaløkonomi som gjer oss i stand til å ta dette finansielle løftet saman med brukarane. Mitt håp er utbygging av fergefri E39 som eit samla prosjekt med ei finansiering som sikrar fullføring, og der fjordkryssingane kjem inn når dei er klare, eller gryteferdige som det heiter på stammespråket.

Eg tykkjer særleg det er både framtidsretta, kompetansebyggande og gledeleg at det store fjordkryssingsprogrammet frå Kristiansand til Trondheim vert sett på som eit energiprosjekt. Fagmiljøa meiner at her ligg det til rette for produksjon av el-energi ved hjelp av bølgekraft, tidevatn, havstraumar og vindkraft. Dette vert det seriøst arbeidd med, og modellar viser ein samla produksjon på inntil 5Twh. Sjølv om dette er teoretiske berekningar, vil etter mitt syn halvparten også vere heilt utruleg.  Dette vil vere nyvinning innanfor samferdselsutbygging og verke tiltrekkjande på både nasjonale og internasjonale fagmiljø. Fergene vil vere bomvegar inni evigheita med sine begrensingar til framkomelegheit. Ein fergefri E39 gjennom fylket vårt vil gi oss alle ein heilt annan kvardag. Og det er her rekruttering av medarbeidarar kjem inn. Byane og småbyane våre er motorar i sine regionar. Desse må knytast fergefritt saman. Fylket sine tre største byar må knytast fergefritt saman. Molde og Kristiansund har i stor grad ein felles arbeidsmarknad, men det stoppar ved Romsdalsfjorden. Realisering av Møreaksen vil bety enormt for vår utvikling og konkurranseevne. Og ei vidareføring frå Ålesund og til Søre-Sunnmøre vi endå meir styrke fylket vårt. Forskarar har talfest verdiane av ei slik samanbinding av fylket og kome til at talet er over ein milliard kroner  pr år.

Vi ser allereide at folketalsveksten er svært ulikt fordelt. Byane og nokre sentrale bygdebyar veks, medan resten av fylket slit. Folketalsveksten i fylket vårt er grunna i stor arbeidsinnvandring. Nyare forsking viser at også tilreisande studentar vert verande i fylket. Overraskande mange finn seg jobb og vert verande. Det betyr at vi må bli endå flinkare til å tilby gode utdanningar, både innanfor det vi har direkte ansvar for sjølve, men også i samarbeid med høgskulane våre. Universitetet Møre er kanskje ikkje det heitaste prosjektet for tida, men tre høgskular i eit nærare samarbeid er ynskjeleg. Eg trur vi er på veg til å få det til, men det tek tid.

Etter fleire år med stagnasjon i folketalet, har pila dei siste åra peika bratt oppover. I den samanheng er det spennande å lese det professor Laurence C. Smith frå California sa i eit foredrag i Oslo nyleg. Han meiner det er grunn til å tru at vi får ein befolkningseksplosjon i Norge dei neste 40 åra. Han peikar på fire sentrale faktorar som støttar opp om dette; klimaendringar, aukande befolkning, globalisering og ressursmangel. Statane her i nord vil profittere på eit varmare klima med auka biologisk produksjon. I tillegg eit stabilt styresett, stabil vassforsyning, auka matproduksjon og tilgjengeleg billeg areal. For Norge og Canada spår han ein stor befolkningsvekst. For Norge ein vekst på 20% dei neste 40 åra. Det er over ein million menneske, og det er mykje for eit lite land. Kvar og ein får sjå for seg ei slik utvikling med dei utfordringar og mulegheiter det gir.

Sjølvom ein del signal i det siste kan tyde på at kulturtilbodet og bulyst og tilflytting ikkje nødvendigvis er så sterkt knytt til kvarandre som i vertfall eg har meint, så vil eg tru at denne forsamlinga ser samanheng mellom det kulturtilbodansvaret som er gitt oss, og bulysta. Eg er ikkje sikker på om vi er mellom dei fremste fylka når det gjeld kulturbudsjett, men eg er likevel imponert over det totale kulturtilbodet i fylket vårt. Slik eg ser det, er det eit godt og utfyllande samarbeid mellom kulturinstitusjonar, lag og organisasjonar og Møre og Romsdal fylke. Vi er eit kulturfylke der teater, musikkliv og festivalar merkjer seg ut, i tillegg til idrett og friluftsliv.

Med fare for å bli oppfatta som om eg vil nemne nokre og andre ikkje, vil eg likevel nemne Molde Internasjonale Jazzfestival, ein av dei eldste jazzfestivalane i Europa og som dei siste åra har teke opp i seg nokre av verdas største blues-, rock- og popartistar. Dette gir besøkstal  til Molde på nærare 100 000 personar under festivalveka. Ein ny festival er fotofestivalen Nordic Light i Kristiansund, som på få år har fått ein solid status. I Ålesund er matfestivalen populær og har nasjonal status.

Fylket er med på satsinga på idrettsanlegg. Det er idrettshallar, kunstgrasbaner og symjehallar i nesten alle kommunane. Eg synes det er stas at Møre og Romsdal har to lag i toppserien i fotball, og som kan skilte med både cupsiger og vinnar av eliteserien. Det betyr at grunnlaget for toppidrett er lagt i fylket. I tillegg er Møre og Romsdal mellom dei fremste fylka når det gjeld å setje folkehelsearbeidet på dagsorden. Her har vi eit eksemplarisk samarbeid med kommunane i fylket.

Vi er tydelege på at vi ikkje ynskjer å bli sett på som overkommune, men som likeverdige med kommunane i fylket, der vi har ulike oppgåver, men felles mål.

Kommunane er frivilleg organiserte i kommunesamarbeidsråd. Eitt for Nordmøre, eitt for Romsdal og no eitt felles for Sunnmøre.

For å styrke samarbeidet, og ikkje minst for å informere om vårt arbeid, har eg invitert regionråda i fylket til ein orienteringsdag          5. september, der våre etatar og regionråda har ein dag for utveksling av kunnskap og forventningar til kvarandre.  Det er fylkesutvalet som kom med ideen under handsaming av Regional planstrategi.

Ettersom dette er vårt fyrste styringsår, ser eg det som viktig å sjå på teikn i tida for vårt vidare politiske arbeid med å utvikle fylket vårt. Det er på den bakgrunn denne talen har det innhaldet den har. Ved seinare politiske drøftingar i juni-møta, vil det vere naturleg å sjå meir på kor langt vi har kome og kva som ikkje har gått slik vi skulle ynskje, og korleis kome vidare. Politiske skillelinjer i vegen framover er det partipolitiske landskapet. Debatten i morgon vil sikkert både vere prega av at vi går inni eit valår, og at det er naturlege politiske skillelinjer i forsamlinga.

Eg vil tru at det også for administrasjonen vil vere av verdi å høyre på ein debatt der vi som representantar ikkje skal forholde oss til framlegg til vedtak, men gi innspel om vidareutvikling av fylket vårt innanfor vårt ansvarsområde og i samarbeid med andre.

Vi har heldigvis klima i vårt fylke for eit nært og godt samarbeid med administrasjonen. Det er av stor verdi og det er med på å styrke fokus på oppgåveløysing og medverkar til at vi ikkje brukar tida på maktkamp og formalitetar.

Eg vil avslutningsvis ynskje oss lukke til med arbeidet, og innanfor begrepet “oss” ligg både det politiske og det administrative nivået.

Eg ser også fram til den politiske debatten i morgon.

 

Takk for at de ville høyre på meg.

 

   

 

 

Contacts

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 25 87 01 /
Mob. 900 80 387
Send e-mail