Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Heidra Tingvollost på tinget

Heidra Tingvollost på tinget

-Det er kjempestort at ein gard frå Torjulvågen, kan kome å motta fylkesprisen Årets Bedrift i eit gründerfylke, sa Gunnar Waagen, då han og kona Solvor mottok prisen under opninga av fylkestinget i dag. 

Runar Vestheim, leiar i regional- og næringsutvalet og fylkesordførar Jon Aassen overrekte pris til Solvor og Gunnar Waagen frå Tingvollost

Til trass for at Tingvollost tidlegare i år fekk pris for verdas beste ost – Kraftkar, fortalde Waagen at familiebedrifta ikkje har ambisjonar om å bli ei stor bedrift. – Vi skal ikkje bli kjempestore, men vi ønsker å bidra til at andre kan vekse. Produkta våre skal vere eksklusive, men tilgjengelege sa Waagen.

Leiar i regional- og næringsutvalet Runar Westheim delte ut prisen saman med fylkesordførar Jon Aasen.

I sin tale til prisvinnarane, sa Westheim mellom anna:

Tingvollost har satt både regionen og Noreg som osteland på verdskartet. I heile 14 år har Tingvollost vore Tingvoll sitt visittkort mot omverda.

Bedrifta har ein tydeleg miljøprofil. Denne kjem til uttrykk ved gjenbruk av energi, reinsing av vatn, og kjeldesortering. Garden har eigen biologisk reinsedam som reinsar alle avløp frå samlege bygningar. Inne i ysteriet er det investert i eit eige varmegjenvinningsanlegg som nyttiggjør 70 % av varmen, og som nyttas til førvarming av varmtvatn.

Tingvollost har over tid blitt heidra med ei rekke priser, både nasjonalt og internasjonalt. I 2016 nådde Blåmuggosten Kraftkar til topps i dei prestisjetunge kåringane World Champion (verdens beste ost) under World Cheese Awards i San Sebastian, Spania - samt Champion of Champions (verdens beste ost gjennom konkurransens 29 år lange historie). 

Tingvollost er med dette ein inspirator som viser moglegheitene for landbruket, og norske verksemder generelt. Dei har lukkast i å skape ei sterk merkevare på få år, samstundes som dei har styrka Møre og Romsdal som matfylke, sa Vestheim.

Sjå intervju med prisvinnarane her: