Likestillingsprisen
Likestillingsprisen kan delast ut til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar, skolar/skoleklassar, bedrifter, institusjonar, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for likestillingsarbeidet i fylket.
Møre og Romsdal fylke v/likestillingsutvalet deler kvart år ut ein pris til ein person eller instans som har utmerka seg positivt i arbeidet med å fremje:
- Likestilling i arbeid for frie val og like moglegheiter utan omsyn av kjønn, alder, seksuell legning, funksjonsevne, etnisitet og språkval, nynorsk /bokmål.
- Likestilling mellom kvinner og menn.
- Likestilling mellom etniske minoritetar og majoriteten.
- Likestilling mellom funksjonshemma og ikkje funksjonshemma.
Har du eit forslag? Send ditt grunngjevne forslag innan 1. september 2012 til
Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshusa, 6404 Molde.
E-post: post@mrfylke.no
Alle kan forslå kandidatar til Møre og Romsdal fylkeskommune sin likestillingspris.
Kontaktpersonar
Kven har vunne før?
- 2011: Herøyløftet
- 2010: Christina Westrum Pedersen
- 2009: Gudny Fagerhol
- 2008: Oasen Kreative Senter i Kristiansund
- 2007: Norsk Fjellfestival i Rauma
- 2006: Øystein Lied og Jostein Bjørndal (Merkesteinane)
- 2005: Mons Sandnes