Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Med ruspolitikk på dagsorden

Med ruspolitikk på dagsorden

Mange ungdommar etterlyser meir informasjon om rusmiddel og ruspolitikk.  Sist veke var fleire representantar frå ungdomsråd og ungdomsorganisasjonar samla på Sobra scene i Ålesund for å sette ruspolitikk på dagsorden. 

-Rusproblem er samansett

Frå ungdomspanelet stilte Lene Vadseth Larsgård. - Om vi skal meine noko, må vi ha kunnskap,  og ein slik konferanse gir viktig påfyll. Vi har lært i dag at det er ein samanheng  mellom tilgjengelegheit, forbruk og skader, og at rusproblem er samansett, seier Larsgård.

Ein arena for diskusjon

Spørsmål knytt til omsetting og bruk av rusmiddel møter all ungdom, og mange barn og ungdommar opplever konsekvensar av rusmidla i samfunnet, i heimen, i festlivet, i trafikken, gjennom politiet, barnevernet etc. Målet med konferansen var å gje deltakarane ein arena å diskutere temaet og meir innsikt.

Dagskonferansen hadde to hovudpostar:

  • Innhald og prosess for ein kommunal ruspolitisk handlingsplan - med hovudvekt på moment av spesiell interesse for ungdom (med Ålesund som eksempel) v/ Øyvind Skjelten frå  Ålesund kommune
  • Den nasjonale og internasjonale narkotikadebatten v/Dag Endal, FORUT, norsk deltakar i april 2016 på FNs UNGASS-konferanse om den globale rusmiddelsituasjonen

Det var også gruppearbeid og diskusjonar for deltakarane på konferansen.

Actis, rusfeltets samarbeidsorgan er ein paraplyorganisasjon for 30 frivillige organisasjonar innanfor rusfeltet, både fråhaldsorganisasjonar og organisasjonar av tidlegare rusavhengige eller pårørande til russkadde. Actis vil stimulere til auka interesse og kunnskapar blant ungdom når det gjeld rusmiddel og ruspolitikk. 

ruspolitikk på dagsorden_konferanse for ungdom i Ålesund