Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Møte i regional- og næringsutvalet tysdag 7. februar

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Møte i regional- og næringsutvalet tysdag 7. februar

Handlingsprogrammet for 2017, regional delplan for klima og energi, innspel til jordbruksforhandlingane 2017 og støtte til Norsk senter for økologisk landbruk er blant sakene utvalet skal behandle.

Regional- og næringsutvalet reiser denne gongen til Sunndal kommune og skal besøke Storvik Aqua og forskingsinstituttet Nofima.

Det politiske møtet skjer i Sunndal rådhus kl. 13.30.

Handlingsprogramet for 2017 står øvst på saklista. Dette er det viktigaste styringsdokumentet for områda kompetanse og verdiskaping og legg føringar for innsatsen det kommande året. Handlingsprogrammet skal også til behandling i fylkesutvalet i slutten av februar. 

Sakliste:

Saksnr Innhald
RN 1/17 Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017
RN 2/17 Regional delplan for klima og energi - Forslag til handlingsprogram 2017
RN 3/17 Innspel til jordbruksforhandlingane 2017
RN 4/17 Kompetanseoppbygging - NORSØK
RN 5/17 Forskingsfond - Kriteriar og prosedyrar for forvalting
RN 6/17 Fullmakt til fastsetting av skotpremie til kommunane i  Møre og Romsdal
RN 7/17 Årsrapport og plan for 2017 frå Runde Miljøsenter
RN 8/17 Orientering om forslag til nasjonal strategi mot rømming frå akvakultur
RN 9/17 Månadsmelding frå NAV desember 2016 og januar 2017
RN 10/17 Fordeling av midlar frå kap 551 post 60 og tiltaksfondet per 25. januar 2017
RS 1/17 Høyring - forslag til lov om opptak og bruk av informasjon   om skjermverdige objekt, militære anlegg og områder, og botnforhold
RS 2/17 Utvikling av mentorordning for kreative næringar - innkjøp
RS 3/17 Budsjettoppfølging - RN-utvalet - Periode 2016-13
RS 4/17 Oppdragsbrev for statsbudsjettet 2017 - tilskot til Møre og Romsdal fylkeskommune under programkategori 13.50 distrikts- og regionalpolitikk
  Godkjenning av protokoll

Her finn du saksframlegg