Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Nytt studietilbod i Marin bioprosess ved fagskolen i Kristiansund

Kontaktpersonar

Bjarne Storfold Elde Bjarne Storfold Elde
(Ap) leiar utdanningsutvalet
Mob. 970 97 292
Send e-post
Marit Rovik Bjerkestrand
Rektor
71 57 05 36 /
Mob. 958 91 880
Send e-post

Nytt studietilbod i Marin bioprosess ved fagskolen i Kristiansund

Fagskolestyret i Møre og Romsdal har sagt ja til å starte opp eit Kjemi-prosessteknikk tilbod ved Fagskolen i Kristiansund med vekt på marin bioprosess.

Leiar i fagskolestyret Bjarne Elde seier at dette er eit nytt studietilbod som vil styrke Fagskolen i Kristiansund, og gjere studiestaden meir attraktiv.

-Vi er sikre på at dette er eit utdanningstilbod som etter fullført utdanning, gir ei kompetanse som er særs attraktiv både for det regionale og det nasjonale næringsliv, seier Elde.

Rektor ved fagskolen Marit Bjerkestrand er glad for at fagskolestyret har sagt ja til å starte opp dette tilbodet, og seier at målet er studiet skal vere søkbart og kome i gong allereie komande skoleår.