Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > På fredag mottok Smøla prisen Årets ungdomskommune

På fredag mottok Smøla prisen Årets ungdomskommune

Under ungdommens fylkesting, den 9. november, vart Smøla kåra til årets ungdomskommune. I 2016 har Smøla utmerka seg sterkt ved å legge til rette for medverknad for ungdom og gjort ein ekstraordinær innsats for å betre ungdom sine levekår i kommunen. Ungdomsrådet får 10 000 kr som skal nyttast til prosjekt og tiltak for å betre kvardagen til ungdom på Smøla.

-  Smøla ungdomsråd fekk stor konkurranse av andre svært dyktige kommunar i Møre og Romsdal. Sjølv om Smøla er ein liten kommune, var kommunen ein klar vinnar. Smøla ungdomsråd har stilt viktige spørsmål på vegne av ungdommen, og fått deira ønsker til å bli ein realitet, seier leiaren av Ungdomspanelet, Norunn Brøste Kjersem.

Smøla ungdomsråd har hatt eit tett samarbeid med kommunestyret, og oppretta gode møtestadar og eit allsidig fritidstilbod for ungdom.

- Dei har blant anna oppretta Smøla-Lan, som vart til eit stort og populært dataarrangement. Arrangementet er ikkje berre populært hos ungdom på Smøla, men tiltrekk seg ungdom frå heile regionen. Slik bidreg Smøla til at ungdom skal bygge eit sosialt samhald med andre, fortel Norunn.

Det er ein tradisjon at ungdomspanelet har sitt første møte i det nye året i den kommunen som fekk prisen, der overlevering av gåve og diplom er ein del av programmet. Ungdomspanelet tok turen til Smøla og fekk oppleve mykje av det kommunen har å by på. Her møtte panelet ungdomsrådet i Smøla og leiaren i rådet, Gunnhild Holm.

-  Pengane vi har fått i premie skal bli brukt for å samle ungdommen i kommunen. Det har aldri vore ein ungdomsklubb på Smøla før, derfor ønsker vi å bruke midlane til å skape eit slik tilbod for ungdommane våre, seier Holm.

- Vi i ungdomspanelet er stolt og imponert over innsatsen og arbeidet som Smøla ungdomsråd har gjennomført. Smøla er ikkje ein stor kommune, men gjennom kreativitet og hardt arbeid har dei arrangert store og vellykka arrangement og eit fått til eit vidunderleg samhald på øya. Dei er eit ekte eksempel på at hardt arbeid lønnar seg, avsluttar Norunn Børste Kjersem.

Kvart år, deler ungdommens fylkesting ut prisen ”Årets ungdomskommune”. Les meir om prisvinnarane her.