Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Saman for samferdsla på Vestlandet

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post

Saman for samferdsla på Vestlandet

Eit samla vestland inviterer stortingspolitikar til møte om Nasjonal transportplan (NTP) for å kjempe for dei viktigaste samferdslesakene i landsdelen. Ferjefri E39, skredsikring, ferjedrift og vegvedlikehald er viktige tema på møtet i regi av Vestlandsrådet. 

Dei fire fylkesordførarane på Vestlandet, f.v. Pål Kårbø i Hordaland, Solveig Ege Tengesdal i Rogaland, Jenny Følling i Sogn og Fjordane og Jon Aasen i Møre og Romsdal.
Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Dette skriv Vestlandsrådet i ei pressemelding. På møtet i Oslo 5. mai møter representantar for Vestlandsrådet stortingsrepresentantar frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal,  representantar frå transport- og kommunikasjonskomiteen og frå regjeringa.

Uroa for fleire prosjekt

– Bodskapen må fram. Vestlandsrådet ønskjer å vise at infrastruktur og samferdsle på Vestlandet, og mellom Vestlandet og resten av landet, handlar om å fremje vekstpotensialet for heile nasjonen, seier leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

– Eg er uroa over framdrifta for fleire av prosjekta i NTP, som prosjekt langs E39. Trygging mot ras og skred og opprusting av tunnelar må også sikrast betre, seier Følling, som vil opne møtet med orientering om dei største, felles problemstillingane.

Næringslivet på bana   

Fylkesordførarane i dei fire fylka vil også orientere om sentrale fylkesvise utfordringar. Avdelingsdirektør Per Øyvind Langeland i NHO Norge vil tale næringslivet si sak, og legge fram deira  transport- og samferdslebehov og prioriteringar på Vestlandet.

Han legg vekt på kommunikasjonsutfordringane mellom Vestlandet, landet elles og Europa.

Fire store problemstillingar

Dei viktigaste samferdslesakene for Vestlandsrådet er:

  • Ferjefri og opprusta E39 mellom Kristiansand og Trondheim: Statleg plan for utbygging av ferjefri og opprusta E39 i løpet av 20 år må oppretthaldast og fullfinansierast.
  • Forfallet på fylkesvegnettet: Det trengst eit krafttak for å ta att etterslepet på både riks- og fylkesvegnettet.
  • Rassikring: Vegnettet må vere sikra mot ras og skred innan 2030, i tråd med tilrådingane frå Nasjonal rassikrigsgruppe.
  • Ferjedrift: Det er behov for vesentleg betre rammevilkår for kjøp av ferjetenester. Vestlandet er ein nasjonaløkonomisk motor – med størst fastlandseksport i landet. Eit godt ferjetilbod er m.a. avgjerande for konkurranseevna til eksportindustrien. Vestlandsrådet ber også staten legge til rette for å kunne fase inn miljøferjer.
Tid og stad for møtet:

KS Agenda Møtesenter, Haakon VIIs gate 9, Oslo, møterom Nordkapp

Fredag 5. mai 2017 kl. 08.00–10.00