- Svært skuffa over nedlegging
- Eg er svært skuffa over at TINE har vedteke å legge ned meieriet på Høgset, seier fylkesordførar Jon Aasen.
Fylkesordførar Jon Aasen i samtale med lokale produsentar på Gjemnes tidlegare denne veka. Foto: Per Vidar K. Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune
Aasen legg til at han er forundra over at selskapet har valt å sjå bort frå dei tydelege politiske signala i saka.
- TINE er ein heilt sentral del av den dugnaden vi gjer for å sikre levande distrikt og lokalprodusert mat. Når dei vel å legge ned lønsame arbeidsplassar i distriktet, er dei også med på å undergrave si eiga posisjon, seier Aasen.
Oppdatert: 27.10.11