Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Ungdomspanelet har fordelt 125 000 i ungdomsmidlar

Kontaktpersonar

Ingeborg Ellen Forseth Ingeborg Ellen Forseth
Rådgivar
71 28 01 55 /
Mob. 900 13 983
Send e-post

Ungdomspanelet har fordelt 125 000 i ungdomsmidlar

Den første tildelinga av ungdomsmidlane i 2017 er gjennomført, og det er fordelt 125 000 kroner til prosjekt for ungdom. 

Ungdomspanelet under møtet sitt i Kristiansund. Frå venstre: Håvard Bjørnerem (nestleiar), Norunn Brøste Kjersem (leiar), Åse Kristin Bjørneraas Hopen, Urtė Karanauskaitė, Ulv Johannes Karlsen Ottem, Lene Larsgård (vara), Ola Mæle, Håkon Strand og Simon Sandnes (vara).

Kvart år delar ungdomspanelet ut 250 000 kroner til ekstraordinære ungdomsaktivitetar i fylket. Fristane for å søke er 1. april og 1. desember. 

32 lag og organisasjonar søkte

Tilskotet blir gjeve til prosjekt som stimulerer ungdomsengasjement i fylket, og skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen. Denne våren fekk ungdomspanelet inn heile 32 søknadar som følgde akkurat denne visjonen.

Stor variasjon i søknadane

-Det var mykje god diskusjon rundt søknadane. Den store variasjonen gjorde det ikkje lett å velje ut kven som skulle få midlar denne terminen, likevel var det ei svært spennande oppgåve fortel leiar i ungdomspanelet, Norunn Brøste Kjersem. –Til slutt klarte vi å bli einige om å prioritere flotte tiltak som støtte til å byggje ungdomshus, utstyr til barneteater og paintball, samt organisering av ulike friluftsaktivitetar for ungdom, seier Kjersem.

Aktive og  engasjerte ungdommar

Av 32 søknadar, var det 14 som fekk midlar. Det totale søknadsbeløpet for våren 2017 var over 750 000 kr. –Vi har vore heldige og fått inn mange søknadar under denne tildelinga, dette speglar eit stort ungdomsengasjement i fylket vårt. Søknadane reflekterte eit breitt spekter av aktivitetar som ungdom er med på, og ønsker seg i Møre og Romsdal. Dette er eit gyllent bevis på at ungdom i dag er aktive, engasjerte og nytenkande for ungdomsmiljøet dei bur i!, fortel nestleiar i ungdomspanelet, Håvard Bjørnerem.

Fleire moglegheiter

Neste tildeling av ungdomsmidlane er til vinteren, med søknadsfrist 1. desember. –Vi i ungdomspanelet er veldig heldige som har som oppgåve å dele ut desse midlane. Det å kunne bidra med økonomisk støtte til lokale ungdomsaktørar er noko som vi sett stor pris på. Vi ser fram til neste fordeling av ungdomsmidlane til vinteren, og håper på ei stor interesse i den runden også, avsluttar Brøste Kjersem.

Desse fekk støtte: 
Søkar Tiltak Tildeling
Motortreff, Volda Støtte til arrangement 2 000
Møst barneteater Støtte til scenemoduler 5 000
Sunndal paintball Utstyr til klubben 10 000
HLFU Møre og Romsdal Aktivitetshelg for ungdom 9 000
Diabetesforbundet Molde og omegn Aktivitetstur 10 000
Operasjon Dagsverk Møre og Romsdal Gjennomføring og organisering 3 000
Ungdomsklubb Hjørungavåg Arrangement/utstyr 5 000
Nesset ungdomsklubb Utstyr 20 000
Blindheim I.L  v/Randi E. Skovly Støtte til lederkurs for ungdom 5 000
Sykkylven ungdomsråd Temadag 10 000
Midsund ungdomsråd Utstyr til ungdomsklubb 25 000
Molde kajakkklubb Arrangement 8 000
Friluftsskolen MOI Arrangement 8 000
Autismeforeninga Treffpunkt for ungdom 5 000
 Sum:   125 000