Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Ungdomspanelet har fordelt 125 000 kr til prosjekt for ungdom

Kontaktpersonar

Ingeborg Ellen Forseth Ingeborg Ellen Forseth
Rådgivar
71 28 01 55 /
Mob. 900 13 983
Send e-post

Ungdomspanelet har fordelt 125 000 kr til prosjekt for ungdom

- Vi har fått mange gode søknadar i haust. Etter ein spennande diskusjon i ungdomspanelet, har prosjekt som mellom anna gjennomføring av livredningskurs for ungdom, ungdomsklubb, og turar for ungdom i naturen fått tilskot, seier leiar i ungdomspanelet, Norunn Brøste Kjersem.

Ungdomspanelet fordeler 125 000 kr i ungdomsmidlar to gongar i året. I denne runden var det totalt 28 søknadar, der 13 prosjekt fekk økonomisk støtte. Det totale søknadsbeløpet var på nesten 900 000 kr. -Det var mange relevante og gode søknadar med spennande og variert innhald. Dette førte til at det var ei stor oppgåve å prioritere og velje ut kva prosjekt  som skulle få midlar, seier Brøste Kjersem.

-Det er svært positivt å sjå så mange gode prosjekt. Dette er eit bevis på at ungdom i fylket er engasjert og vil bidra for å styrke ungdomsaktivitetane i sine lokalmiljø, seier Brøste Kjersem. – Til våren er det ny runde med nye midlar. Vi håper at søketala er like høge då, om ikkje høgare, avsluttar Brøste Kjersem.

Desse fekk midlar hausten 2016

Søkar Tiltak Kommune Tilsegn
Eide kommune, ungdomsklubben Utstyr Eide 6 300
Norsk Fosterhjemsforening Møre og Romsdal Leie av instruktør   13 000
FAU Lerstad skole v/ Andre Farstad Ballbinge Ålesund 19 000
Sommarshow på Larsnes Arrangement Sande kommune 10 000
NJFF Møre og Romsdal Tur   7500
Smøla Ungdomsråd Utstyr Smøla 25 000
Ytre Gurskøen ten-sing Utstyr Sande 11 200
Sunnmøre Data og Kultur LAN Ålesund 6000
Grimstadhøgda 4H Sjøvett Tingvoll 8000
Molde Danseklubb Ungdomsklubb Molde 9000
Åtgaum Kunstlaug Opplæring Volda 10 000
 

Kva er ungdomsmidlane?

Kvart år deler Ungdomspanelet i Møre og Romsdal ut 250 000 til ekstraordinære ungdomsaktivitetar i fylket. Fristane er 1. april og 1. desember. Tilskotet blir gjeve til prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement, og skal gå til ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen.

Nye ungdomsmidlar blir fordelt våren 2017 med søknadsfrist 1.april.