Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Ungdomspanelet - tydlege medspelarar for framtidas skolebygg

Ungdomspanelet - tydlege medspelarar for framtidas skolebygg

Korleis ønsker ungdom at framtidas fylkeskommunale bygg skal vere? Denne utfordringa fekk ungdomspanelet frå Per Olaf Brækkan, som er bygg- og vedlikehaldssjef i fylkeskommune.

Utfordringa vart gjeve spesielt med tanke på dei 23 vidaregåande skolane Møre og Romsdal fylkeskommune eig. Ungdomspanelet fekk ein gjennomgang av bygg- og vedlikehaldsseksjonen sine oppgåver, ein status på eigendomsportefølja, status på bygga i dag og korleis vi kan sikre medverknad frå brukargruppene i fleire av prosessane.

- Bruk elevråda og ungdomsråda til innspel

Fleire av ungdomspanelet sine medlemmar har gått og går på skolar som er under bygging eller rehabilitering, og hadde nyttige innspel til bygg- og vedlikehaldssjefen. Dei anbefalte å bruke elevråd og kommunale ungdomsråd aktivt, arrangere workshops, og lage konkurransar om å kome med forslag til nye løysningar.
 
- Det er nok ikkje mangel på engasjement blant ungdommen, men det å finne arenaene dei kan kome med innspel på, seier medlem i ungdomspanelet Eirik Wiik Lyngved.

Vil ha fleire grøne løysingar

Ungdomspanelet ønsker at det skal bli brukt grøne løysningar i enda større grad. Ein skole som ikkje set avtrykk etter seg, vil gjere elevane ekstra stolte, trur ungdomsspanelet.
 
- Det er veldig inspirerande å få jobbe med så engasjerte ungdommar, og eg vil gjerne fortsette samarbeidet med ungdomspanelet, avslutta Per Olaf Brækkan.