Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > - Vi kan ikkje ta ein omkamp no

- Vi kan ikkje ta ein omkamp no

- Ein omkamp om neonatalavdelinga i Ålesund er det siste vi treng no, seier fylkesordførar Jon Aasen.

Ill. Fylkesordførar Jon Aasen

Tysdag kom det indikasjonar på at det kan bli ein omkamp om barneavdelinga ved sjukehuset i Ålesund. Det får fylkesordføraren til å reagere.

- Ein omkamp om neonatalavdelinga i Ålesund er det siste vi treng no. Det har allereie vore meir enn nok støy rundt helsetilbodet i fylket, seier Aasen.

Han legg samstundes til at han ikkje heilt trur på at Helse Midt-Norge vil ta opp denne saka på nytt.

- Så seint som i 2007 vart saka grundig handsama i helseforetaket, og sist sommar vart den nye barneavdelinga opna. Derfor trur eg ikkje denne saka kjem opp på nytt no, slutter fylkesordføraren.

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 25 87 01 /
Mob. 900 80 387
Send e-post