Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein politisk styrt organisasjon, med direkte val til fylkestinget kvart 4. år. Inneverande valperiode starta i oktober 2011. Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) leiar møta i fylkestinget og fylkesutvalet, og er fylkets øvste politiske leiar.


Ungdomspanelet - tydlege medspelarar for framtidas skolebygg

Korleis ønsker ungdom at framtidas fylkeskommunale bygg skal vere? Denne utfordringa fekk ungdomspanelet frå Per Olaf Brækkan, som er bygg- og vedlikehaldssjef i fylkeskommune.

Les meir

Møte i fylkesutvalet 12. desember

Møte i fylkesutvalet har no starta opp, og kjøp av aksjar i Geitbåt Eiendom AS og delvis bompengefinansiering av fv. 659 Nordøyvegen er mellom sakene utvalet skal behandle.

Les meir

Fylkestinget opna med utdeling av prisar

Før behandling av politiske saker, vart fylkeskulturprisen og miljøprisen for 2016 delt ut. 

Les meir

Fylkeskulturprisen 2016 går til Inger Marie Bakke

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok samrøystes å gje fylkeskulturprisen for 2016 til Inger Marie Bakke. 

Les meir

Møte i samferdselsutvalet 5. desember

Ruteendringsprosessen 2017, taktsak 2017 og takstretningslinjer for bil-, hurtigbåt- og fylkesvegferjeruter 2017 og strakstiltak innan trafikktrygging er nokre av sakene som utvalet skal behandle. 

Les meir

Møte i regional- og næringsutvalet

Tysdag 6. desember er det møte i regional- og næringsutvalet. Støtte til prosjektet Vekst i stordal og støtte til den biomarine klynga Blue Legasea er blant sakene utvalet skal behandle. 

Les meir

Møte i fylkesutvalet 21. og 22. november

Det to dagar lange møte i fylkesutvalet har no starta opp, og økonomiplan 2017-2020 med budsjett for 2017, tilskot til bygging av hall over kunstisbanen i Kristiansund, og høyringssvar Regionreforma - Nye folkevalte regionar er mellom sakene utvalet skal behandle.

Les meir

Møte i kontrollutvalet 21. november

Møtet startar med to orienteringar: Forvaltningsrevisjonsprosjektet "Effektivisering i sentraladministrasjonen» og «Rekneskapsrevisjon 2016 - revisjonsplan og status i revisjonsarbeidet». Etter orienteringane blir det saksbehandling etter sakslista. 

Les meir

Går inn for at Møre og Romsdal held fram som eigen region

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik tilrår fylkestinget til å gå inn for at Møre og Romsdal skal halde fram som eigen region i høyringsuttalen til Stortinget.

Les meir

Møte i dei fire hovudutvala 14. november

Måndag 16. november er det møte i alle fire hovudutvala. Alle skal behandle saka Økonomiplan 2017- 2020 med budsjett for 2017, i tillegg til andre saker. 

   
   
Les meir

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Gunn Berit Gjerde Gunn Berit Gjerde
Fylkesvaraordførar
71 28 04 51 /
Mob. 415 44 001
Send e-post
Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 62 /
Mob. 901 08 512
Send e-post