Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein politisk styrt organisasjon, med direkte val til fylkestinget kvart 4. år. Inneverande valperiode starta i oktober 2011. Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) leiar møta i fylkestinget og fylkesutvalet, og er fylkets øvste politiske leiar.


Fylkesordførar Jon Aasen sin tale til fylkestinget

Gode forsamling, fylkesting, administrasjon, presse og andre
Talen i år vil i stor grad vere prega av den tida vi lever i. Det har vel strengt tatt vore tema i alle talane. 

Les meir

Møte i utdanningsutvalet 8. juni

Ny stortingsmelding: «Bærekraftige byer og sterke distrikter», Høyring om forslag til endringar i opplæringslova og friskolelova, og Pilotprosjekt ved Sunndal vgs, vaksne flyktningar, er mellom sakene som utvalet skal behandle.  

Les meir

Møte i Kontrollutvalet måndag 06. juni

Orientering om forbetrings- og avvikssystemet Risk Manager, rapportar frå Arbeidstilsynet etter tilsyn ved Haram vgs og Kristiansund vgs, og rapportar frå Fylkesmannen etter tilsyn ved Romsdal vgs og Atlanten vgs er mellom sakene utvalet skal behandle.

Les meir

Møte i regional- og næringsutvalet tysdag 7. juni

Millionar til omstilling, byutvikling, inkludering og gründermobilisering er blant sakene politikarane  skal behandle.

Les meir

Møte i kultur- og folkehelseutvalet 31.mai

Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet og tildeling kunstnarstipend 2016 er nokre av sakene som utvalet skal behandle. 

Les meir

Møte i samferdselsutvalet 1. juni

Høyring – Grunnlagsdokument Nasjonal Transportplan (NTP) 2018-2029, utbetring av Godøytunnelen og innspel frå samferdselsutvalet til Fylkesplan for Møre og Romsdal er nokre av sakene som utvalet skal behandle.

Les meir

Møte i fylkesutvalet tysdag 24. mai

Dag to av møte i fylkesutvalet har no starta opp. Møte startar opp med behandling av saka om Økonomireform - oppnemning av forhandlingsutval og mandat. Vidare i møte er mellom anna Økonomirapportering per 1. tertial 2016, Strategi og rammer for arbeidet med økonomiplan 2017-2020 og Investeringsplan for fylkeskommunale bygningar saker utvalet skal behandle.

Les meir

Møte i fylkesutvalet måndag 23. mai

Det to dagar lange møte i fylkesutvalet har no starta opp. Oppnemning av forhandlingsutval og mandat i samband med regionreforma, Stopping av aktivitetar og bestilling på Nordøyvegen er mellom sakene utvalet skal behandle i dag.

Les meir

Møte i fylkesutvalet måndag 23. og tysdag 24. mai

Oppnemning av forhandlingsutval og mandat i samband med regionreforma, Stopping av aktivitetar og bestilling på Nordøyvegen, Økonomirapportering per 1. tertial 2016, Strategi og rammer for arbeidet med økonomiplan 2017-2020, Investeringsplan for fylkeskommunale bygningar og byggjeprogram - K651 Spjelkavik Idrettshall er mellom sakene utvalet skal behandle.

Les meir

Oppnemner forhandlingsutval og mandat til nabosamtalar

I neste veke skal saka om regionreform opp i fylkesutvalet. Her vert det mellom anna lagt fram forslag til forhandlingsutval og mandat for å avklare premissar og føresetnader for nabosamtalar med fylka Sogn og Fjordane, Sør- og Nord-Trøndelag og Oppland. 

Les meir

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Gunn Berit Gjerde Gunn Berit Gjerde
Fylkesvaraordførar
71 28 04 51 /
Mob. 415 44 001
Send e-post
Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 62 /
Mob. 901 08 512
Send e-post