Økonomisk støtte til trafikktryggingstiltak
Retningsliner for tildeling av økonomisk støtte til trafikktryggingstiltak.
Møre og Romsdal fylkeskommune løyver, gjennom Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) sitt budsjett, kvart år midlar til ”Støtte til trafikktryggingstiltak”. FTU har ansvaret for tildelinga av desse midlane til lag og organisasjonar.
Kven kan søke?
Alle lag/organisasjonar som på frivillig og ideell basis arbeider med trafikktrygging. Det kan tildømes vere:
- Frivillige organisasjonar og lag, burettslag, velforeiningar, idrettslag, ungdomslag og bygdelag.
- Skoler, FAU og barnehagar.
Kva for tiltak kan få støtte?
Støtte kan gis til tiltak som har ein klar effekt på trafikktrygginga i kommunane eller fylket. Det kan tildømes vere:
- Informasjon, kampanjar, tilstellingar, møter og liknande som er knytt opp mot trafikktrygging.
- Bygging av små og lite kostnadskrevjande fysiske tiltak. Privat gate og vegbelysning på spesielt trafikkfarlege stader/strekningar, siktforbetringar, sikring av leikeplassar som ligg trafikkfarleg til og liknande. Fysiske tiltak må utførast etter godkjente planar.
Andre vilkår:
- Det skal vere ei deling av kostnadane mellom søkar og FTU. Søkars eigendel skal normalt vere 50 % av den totale kostnaden på tiltaket/prosjektet.
- Det blir normalt ikkje gitt støtte til tiltak som skal dekkjast av – eller er ein del av kommunen eller andre myndigheiter sitt ansvar.
- Det blir normalt ikkje gitt støtte til tiltak som blir tildelt tippemidlar. Unntaket er når FTU si støtte kan utløyse tippemidlar til eit tiltak som har klar effekt på trafikktrygginga.
- FTU skal kunne gi støtte etter eit visst skjønn.
- Støtta frå FTU skal normalt ikkje overstige kr 30 000.
Framgangsmåte
Når det blir søkt om økonomisk støtte skal vedlagde søknadsskjema nyttast. Søknadsskjema er tilgjengeleg på Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider www.mrfylke.no
Søknaden skal innehalde ein omtale av tiltaket/prosjektet som ein ønskjer gjennomført og eit kostnadsoverslag/finansieringsplan med tidsplan for gjennomføring. Når det i tillegg søkast om midlar frå andre offentlege eller private institusjonar, skal dette gå fram av søknaden.
Søknad om støtte til reise skal innehalde reisemåte, pris pr. person og talet på personar.
Søknader om støtte til fysiske tiltak som krev tekniske planar og kostnadsoverslag, skal vere utarbeidd i samråd med kommune/vegeigar. Det skal leggast ved kart med forklaring. For støtte til fysiske tiltak vil det i hovudsak vere snakk om delfinansiering frå FTU. Søknadene må derfor innehalde opplysningar om den totale finansieringa av tiltaket.
Søknadsfrist
Det er ingen særskilt søknadsfrist. Søknadene vil bli behandla etter kvart i FTU sine møter (ca 4-6 gonger i året).
Søknaden sendast til:
FTU Møre og Romsdal
Fylkeshuset
6404 MOLDE
Behandling
Sekretariatet går gjennom alle søknader og kan innhente uttale frå andre instansar, og tilleggsopplysningar frå søkar, om nødvendig.
FTU fattar vedtak om tildeling av støtte etter innstilling frå sekretariatet og arbeidsutvalet til FTU. Alle søkarar får beskjed om vedtaket i saka. Vedtaket kan ikkje påklagast av søkar.
Utbetaling
Sekretariatet utbetalar løyvd støtte til det kontonummer som vart oppgitt på søknaden.
Tiltak/prosjekt som får midlar frå FTU skal ved årets slutt sende inn rekneskap som viser at løyvde midlar er nytta som føresett. Dersom løyvinga er på kr 25 000 eller meir, skal rekneskapet vere revidert. Jf. budsjett og rekneskapsrutinar for FTU i fylka i Region midt, som gjeld frå 01.01.2005.
Om midlane ikkje blir nytta som føresett innan rimeleg tid, kan FTU krevje midlane tilbakebetalt. ”Innan rimeleg tid” vil bli vurdert i høve til oppgittframdriftsplan for tiltaket/ prosjektet. jf. praksis for 50/50 midlar.