Ungdommens fylkesting
Kvar haust arrangerar Ungdomspanelet og Møre og Romsdal fylkeskommune Ungdommens fylkesting (UFT). Ungdommens fylkesting (UFT) er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket. Dei diskuterar viktige saker som gjeld ungdom i fylket. I tillegg vel dei eit Ungdomspanel som sitt arbeidsutval som jobbar mellom kvart fylkesting. UFT lagar eit handlingsprogram som Ungdomspanelet skal arbeide med det kommande året og Ungdomspanelet rapporterar til UFT om sitt arbeid
Kvar kommune er representert med to ungdomsrepresentantar.Vedtak fatta av UFT er viktige og retningsgjevande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvart år blir det invitert forskjellig gjester som stiller med kunnskap og engasjement.
Gjennom UFT og Ungdomspanelet skal ungdom i Møre og Romsdal få reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdommens samfunnsengasjement. UFT og Ungdomspanelet skal stimulerer til politisk engasjement samt få opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.
For meir info om Ungdommens fylkesting (UFT) sjekk ungweb.no
Har du spørsmål til Ungdomspanelet om Ungdommens fylkesting, send epost til: ungdomspanelet@mrfylke.no