Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ungdomspanelet 2012 - 13

Ungdomspanelet

Ungdomspanelet består av ni representantar og fem vararepresentantar, som blir valde på Ungdommens fylkesting kvar haust. Ungdomspanelet skal vere eit aktivt bindeledd mellom ungdom og Møre og Romsdal fylkeskommune og partnarskap, samt drive lobbyverksemd overfor politiske styresmakter, og iverksetje Ungdommens fylkesting sine intensjonar.

Gjennom Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet skal ungdom i Møre og Romsdal ha reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdomens samfunnsengasjement. Vidare skal Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet stimulere til politiske engasjement samt få opplæring og erfaring i demokratiske prosessar. Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet skal vere eit høyrings- og rådgjevande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune og alle dei politiske organa. Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet kan sjølve ta opp saker dei ønskjer fremma med administrasjonen og/eller politiske organ i fylkeskommunen.

 Ungdomspanelet møtast omlag 9 gonger i løpet av året.

Har du spørsmål til Ungdomspanelet, send epost til: ungdomspanelet@mrfylke.no

  • Ungdomspanelet skal og følgje opp konkrete saker og fordele midlar i høve til søknadar.
  • Dei skal fronte ungdomspanelet og Ungdommens fyllkesting i media. Ein skal koordinere arbeidet mellom ungdomsråda i kommunane og motivere til aktivtitet, og vere pådrivar for å etablere ungdomsråd eller i ungdommens kommunestyre i alle kommunar i fylket.
  • Ungdomspanelet skal finne nye måtar å mobilisere ungdom til samfunnsengasjement.
  • Ungdomspanelet skal bestå av ungdom mellom 15 og 23 år, som må ha tilknytning til fylket i den aktuelle valperioden.
  • Ungdomspanelet skal vere samansett av ungdom frå dei tre regionane i Møre og Romsdal, og det skal, vere ei balansert samansetjing frå by og land. Kjønnsbalansen skal vere ivaretatt i høve til likestillingslova.
  • Ungdomspanelet har sine møte samstundes med ordinære fylkesting. Representantane har ansvar for kvar sine avdelingar i fylket.

For meir Informasjon ta kontakt med rådgivar Anne Berit Svenkerud Halle
absh@mrfylke.no tlf. 71 25 80 95


Ungdomskortet får heva aldersgrensa til 22 år

Ungdomspanelet får gjennomslag for fanesak i budsjettet.
- At engasjement og målretta arbeid nyttar, ser vi resultat av no når fylkestinget vedtek å auke aldersgrensa på Ungdomskortet til 22 år, seier nyvalt leiar i Ungdomspanelet Åse Kristin Ask Bakke.

Les meir

Kontaktpersonar

Anne Berit Svenkerud Halle
rådgivar
71 25 80 95 / Mob. 984 13 003
Send e-post

Ungweb

Dokument

Vedtekter UFT og UP revisjon 2010
PDF-dokument - 53,98 kB