Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fylkesrevisjonen

Fylkesrevisjonen

Fylkesrevisjonen utfører lovfastsette tilsyns- og kontrolloppgåver retta mot Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Fylkesrevisjonens formål er samanfallande med den øvrige fylkeskommunale verksemda, - vi ønskjer å medverke til at Møre og Romsdal fylkeskommune sitt tenestetilbod til innbyggjarane i fylket blir så godt som mogleg. Som serviceetat skal våre tenester medføre forbetringar i tenesteytinga, som betre rutiner eller endra ressursbruk. Samstundes skal vi stadfeste om økonomiforvaltninga er i orden og at dei økonomiske midlane er forvalta på ein forsvarleg måte.
Den uavhengige stillinga fylkesrevisjonen har i Møre og Romsdal fylkeskommune, skal sikre at tilsyns- og kontrollarbeidet er truverdig og dermed skape tillit til at økonomiforvaltninga er i samsvar med føresetnadene.
 
Arbeidsområdet vårt omfattar både finansiell revisjon og forvaltningsrevisjon.  
Fylkesrevisjonen representerer eit breitt fagleg miljø, med registrerte revisorar, operasjonelle revisorar, høgskolekandidatar og tilsette med akademisk utdanning. Fylkesrevisjonen legg vekt på å ha god kompetanse innan revisjonsformene fylket har behov for.

Informasjon om norsk kommunal/fylkeskommunal revisjon finn du på heimesidene til Norges Kommunerevisorforbund som og har peikarar til ei rad andre heimesider til revisororganisasjonar, andre lands kommunalrevisjon m.v.

Kontaktpersonar

Ronny Rishaug
Spesialrevisor
71 25 86 10
Send e-post
Tonje Skarvøy Stene
Rådgivar
71 25 86 25
Send e-post