Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Revisjonsmeldingar

Revisjonsmeldinga  er den meldinga revisjonen utarbeider som hovudkonklusjon på det revisjonsarbeid som er utført mot årsrekneskapsoppgjeret. Meldinga følgjer rekneskapssaka til kontrollutvalet og fylkestinget

I revisjonsmeldinga stadfestar revisor at rekneskapen er revidert, at rekneskapen er i samsvar med lov og forskrift og at rekneskapen gir utrykk for fylkeskommunen sitt årsresultat og stilling som samsvarar med god kommunal rekneskapsskikk, eventuelt nemner presiseringar og atterhald revisor finn å ville gjere. Revisjonen gjer elles fylkestinget merksam på tilhøve ved den økonomiske forvaltninga i fylkeskommunen som revisjonen meiner bør kome til kunnskap for fylkestinget sine medlemer.

Revisor sine formuleringar i meldinga gjev opphav til forskjellige meldingskategoriar:

  • Normalberetning: Denne meldinga blir nytta når revisor ikkje har funne vesentlege feil eller manglar.
  • Presisering: Revisor ønskjer her å peike på spesielle tilhøve som brukarane av rekneskapen bør kjenne til, utan at det her er tale om usemje i høve til den fremlagte rekneskapen.
  • Atterhald: her går revisor god for rekneskapen på totalnivå, men ønskjer å reservere seg på einskildpunkt som ikkje er av bagatelmessig art.
  • Negativ uttale: Konklusjonen i denne meldinga er sterkare enn eit atterhald, og inneber at rekneskapen ikkje er gjort opp i samsvar med lov, forskrifter og god kommunal rekneskapsskikk.
  • Revisor kan ikkje uttale seg: Ei slik melding vil berre opptre dersom det av ein eller annan grunn ikkje har vore mogleg for revisor å utføre revisjon i samsvar med god kommunal revisjonsskikk.

Til høgre ser de dei siste fire års revisjonsmeldingar. Eldre finn de her.

Kontaktpersonar

Ronny Rishaug
Spesialrevisor
71 25 86 10
Send e-post

Dokument

2014 Revisjonsmelding
PDF-dokument - 475,52 kB
2013 Revisjonsmelding
PDF-dokument - 452,79 kB
2012 Revisjonsmelding
PDF-dokument - 451,73 kB
2011 Revisjonsmelding
PDF-dokument - 456,48 kB