Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Revisjonsstandardar

Etter forskrift om revisjon §§ 4 og 7 skal revisjonen utførast "i samsvar med god kommunal revisjonsskikk".

Krava til "god kommunal revisjonsskikk" er nærare definert og skildra i dei internasjonale "Standarder for revisjon og beslektede tjenester" (Den norske Revisorforening 1997) som har fått eit tillegg for offentleg (kommunal/fylkeskommunal) revisjon.

Norges Kommunerevisorforbund (NKRF) har fastsett at desse standardane gjeld for forbundet sine medlemer frå 2000. Fylkesrevisjonen legg disse standardane til grunn ved utføringa av sitt revisjonsarbeid.

Standardane er førebels ikkje tilgjengeleg i elektronisk form. Interesserte kan vende seg til fylkesrevisjonen for å gjere seg kjend med standardane.

I tillegg har NKRF utarbeidd ein "Revisjonsstandard for forvaltningsrevisjon (NKRF okt. 2005). Standarden kan ein få ved å vende seg til fylkesrevisjonen.

Medlemeskap i NKRF føreset som nemnt at medlemene følgjer dei vedtekne standardane i sitt revisjonsarbeid. For å følgje opp dette har NKRF etablert ei ordning med kvalitetskontroll av medlemene. Ein kvalitetskontrollkomite sørger for at det blir utført periodiske kontrollar av alle revisjonseiningar, dvs. om utført revisjonsarbeid fyller krava i standardane. Eventuelle merknader etter kontrollen blir eininga pålagt å rette opp.