Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tips til kontrollutvalet

Dersom du konkret får kjennskap til kritikkverdige eller ulovlege tilhøve ved den fylkeskommunale verksemda, er det ulike måtar å seie frå om tilhøvet på. Ein måte er å ta kontakt med kontrollutvalet, anten til kontrollsjefen eller direkte til eit av medlemene i kontrollutvalet.

Oversikt over medlemene med epostadresser og telefonnummer finn du her.

Normalt vil det bli føresett at du kan sansynleggjere at det tilhøvet du tek opp, har skjedd.  Du har ikkje krav på å få tilbakemelding om på kva måte tipset blir følgd opp eller resultatet av oppfølginga.

Tips om lovbrot er det gjort unntak for innsyn i frå andre etter offentleglova § 24, slik at du er sikra anonymitet i slike tilfelle.

Dersom du meiner eit vedtak i fylkeskommunen er ulovleg, kan du gi melding til kontrollutvalet.  Grunngi kvifor du i tilfelle meiner det.

Merk at i visse tilhøve er ikkje kontrollutvalet rette organ:

Kontrollutvalet kan ikkje ta opp politiske spørsmål eller overprøve det formålstenlege i politiske avgjerder. 

Klage over enkeltvedtak etter forvaltningslova § 28, 2. ledd skal sendast til Klagenemnda i fylkeskommunen. Les elles det som står under fanen "Tilsyn og kontroll" ovanfor.

Varsel om kritikkverdige tilhøve frå tilsette i fylkeskommunen etter arbeidsmiljølova §2-4 skal etter fastsett prosedyre meldast til næraste overordna i linja, ev. verneombod eller tillitsvalt. Rutinen er skildra under pkt. 14 i fylkeskommunens HMS-retningslinjer som er lagt ut på fylkeskommunens intranett.  Men du kan gjerne tipse kontrollutvalet om tilhøvet i tillegg, men tipset blir behandla etter rutinane ovanfor.