hoppid.no
Entreprenørskap er eit sentralt innsatsområde for Møre og Romsdal fylkeskommune. I samarbeid med Innovasjon Norge, kommunane og andre aktørar har fylkeskommunen initiert og leier det fireårige entreprenørskapsprogrammet hoppid.no.
Målsettinga med programmet er fleire og betre nyetableringar.
Gjennom entreprenørskapsprogrammet hoppi.no ønskjer vi å satse både på breidde og kvalitet. For å fevne dette, har hoppid.no fem delprosjekt det vert arbeida inn mot:
- Etableraropplæring (kursverksemd) og etablerarrettleiing ( hoppid.no-kontor ute i kommunane).
- Entreprenørskap i utdanning ( forankring av entreprenørskap som opplæringsstrategi frå grunnskule til høgskule).
- Topp/vekst etablerarar ( Følgje opp etablerarar med internasjonalt potensiale med tiltak, slik at desse blir i stand til å lukkast på ein internasjonal marknad).
- Knoppskyting (utnytte kompetansen i etablert næringsliv til nyskaping og auka innovasjon).
- Bygdemobelisering (Setje i gang og følgje opp positive utviklingsprosessar i bygdene).