Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kultur

Oppfordrar kunstnarar til å søke stipend

Er du profesjonell kunstnar busett i Møre og Romsdal? Då kan du søke kunstnarstipend. Søknadsfristen er 1. juni 2017. Den totale ramma for Kunstnarstipendet er 600 000 kroner.

Les meir

Over 1,7 millionar til viktige kulturminne i verdsarvområdet

Kultur- og folkehelseutvalet  har fordelt i alt 1 780 000 kroner til fire gode prosjekt i verdsarvområdet. 

Les meir

550 000 til verneverdige fartøy

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt ein sum på 550 000 kroner til verneverdige fartøy. 

Les meir

Uttaket til UKM-festivalen er klart

Sist helg arrangerte Møre og Romsdal musikkråd, i samarbeid med Midsund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune fylkesdelen av UKM (Ung Kultur Møtes). No er uttaket til UKM-festivalen i Sandnes 21. -25 juni klart.

Les meir

Fylkesmønstringa i Møre og Romsdal –der ung kultur møtast

I helga blirUKM fylkesmønstring arrangert for 32. gong i Møre og Romsdal. I år er det Midsund kommune, i samarbeid med Møre og Romsdal musikkråd og Møre og Romsdal fylkeskommune som står som ansvarlege.

Les meir

Fleire skal få gode sykkelopplevingar

Denne veka kunne Kristiansund kommune hente ein elektrisk rickshawa-sykkel hos fylkeskommunen. Sykkelen har plass til ein passasjer, og er ypparleg for å få menneske med nedsett funksjonsevne ut i frisk luft,  og sørge for at dei kan kjenne på følelsen av å suse av garde på sykkel igjen. 

Les meir

Alnes – det nye utvalde kulturlandskapet vårt

Satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket, er ei oppfølging av nasjonale mål om å ivareta kulturlandskapet. Dette er eit samarbeid og eit spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmaktene. 

Les meir

- Visste du at vi forvaltar heile 22 ulike tilskotsordningar?

- Kulturtilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune bidrar i samfunnsutviklinga og stimulerer til frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i både kulturlivet og folkehelsearbeidet i fylket, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. – Visste du at vi forvaltar heile 22 ulike ordningar?, fortsett ho. 

Les meir

Seminar om oppfølging av folkehelselova

28. februar 2017 vart det arrangert ei samling med tema oversikt over folkehelsa og plan, i regi av Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Les meir

Bestilling av Kulturlaug 2017-2018

Frist for bestilling av Kulturlaug skuleåret 2017-2018 var 31.mars. Bestillingsskjemaet er no stengt.

Les meir

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Monica Kjøl Tornes Monica Kjøl Tornes
Ass. fylkeskultursjef
71 28 02 91 /
Mob. 971 95 375
Send e-post

Om kulturavdelinga

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit omfattande engasjement innan kulturområdet og har koordinerande ansvar på folkehelseområdet. Arbeidet blir gjort i nært samarbeid med kommunane, organisasjonar og institusjonar. Kultur- og folkehelseutvalet har det politiske sektoransvaret medan fylkeskultursjefen har det faglege og administrative ansvaret. Møre og Romsdal fylkeskommune sine arbeidsområde innan kultur omfattar planarbeid, rådgjeving, forvalting av lovverk om kulturminne, kulturtilskot, spelemidlane, statlege tilskotsordningar, initiering og gjennomføring av ungdomskulturtiltak, forvaltning av folkehelselova, drift av folkehelsepartnarskapet God Helse, Møremusikarordninga, fylkesbiblioteket, kulturformidlingstiltak, drift av Kultursekken og utvikling av fagområda fysisk aktivitet og friluftsliv.