Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Mølleruinane på Bruhagen

Kulturvern

Møre og Romsdal fylkeskommune har desse hovudoppgåvene innan kulturvern:

  • Vern og formidling av faste kulturminne
  • Ivareta museumsvesenet i fylke

Dette er oppgåver delegerte frå Miljøverndepartement/ Riksantikvar og oppgåver etter avtale med Kulturdepartementet. Det er også oppgåver etter fylket sitt eige initiativ, som til dømes rådgjeving i bygningsvern og uteskulen i Kultursekken.

I plan- og utbyggingstiltak i fylket er vår oppgåve å medverke til at endringane fører til minst mogleg reduksjon av kulturminneverdiane. Dette skjer gjennom innspel og fråsegner i plan- og byggesaker på grunnlag av fagleg kartlegging og vurdering.

For museumsvesenet i fylket er kulturavdelinga eit styrings- og samordningsorgan med viktige kontaktfunksjonar mellom musea og mot sentrale instansar.

Forståing og engasjement for kulturvernet oppnår ein best gjennom det enkelte individ sin kunnskap og innsikt. Formidling av og tilgjenge til kulturminna og kunnskapen om objekta er viktig å bringe ut til innbyggarane i fylket. Dette skjer gjennom foredrag, seminar, artikkelskriving og deltaking i Kultursekken.


Rettleiar for lokale kulturminneplanar

Riksantikvaren har utarbeidd ein rettleiar som skal gjere det lettare for kommunane å utarbeide lokale kulturminneplanar.  Målgruppa er kommunar som skal i gang med, eller har begynt dette arbeidet.

Les meir

Nytt verktøy til kontrollregistrering av SEFRAK

I løpet av 2013 har fleire kommunar gått i gang med å oppdatere sine SEFRAK-register. Mange av bygningane som blei registrert på 1970- og 1980-talet er tapt, forfalt eller fullstendig ombygd. Mange har mista sin verneverdi, medan andre har blitt meir verdifulle.

Les meir

Freding av Dalen gård i Kristiansund

Dalen gård med bygningar, hage og tun er ein godt bevart lystgard frå slutten av 1700-talet. Garden blei etablert som eit løkkebruk for den skotske kjøpmannen Walter Miln, og er eit godt døme på korleis impulsar utanfrå påverka den lokale byggeskikken.

Tunet er no freda. Les meir på Riksantikvaren sine heimesider

Les meir

Severinbrauta i Norddal er freda

Severinbrauta i Norddal er freda av Riksantikvaren som eit svært godt bevart døme på ein husmannsplass frå 1870-talet. Anlegget er heilskapleg, med både bygningar, hage og slåtteng.

Les meir på Riksantikvaren sine sider

Les meir

Ny prosjektleiarstilling - kystpilegrimsleia

Det er no lyst ut ei 3-årig prosjektstilling i samband med Kystpilegrimsleia Rogaland-Nidaros.

Sjå heile annonsa på www.nav.no

Les meir

Rapport frå forprosjektet - kystpilegrimsleia Rogaland-Nidaros

Kystpilegrimsleia langs Norskekysten var ein av dei viktigaste og kanskje mest brukte pilegrimsrutene til Nidaros, og er nemnt i skriftkjelder allereie på slutten av 1000-talet. Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta her, anten for å reise heile vegen til Nidaros eller for å besøke mange av dei lokale pilegrimsmåla.

Kystpilegrimsleia har potensial til å bli eit stort trekkplaster både for reiselivet og for lokale brukarar frå Rogaland til Sør-Trøndelag. I samarbeid initierte fylkeskommunane og bispedøma langs leia i 2013 eit forprosjekt for å lage ei plattform å bygge vidare på i lokalt og regionalt utviklingsarbeid, både for å auke lokal verdiskaping og næringsutvikling langs kysten og for å legge til rette for bruk og vern av kulturarv og heilagstader. Her kan du finne rapporten frå forprosjektet.

Les meir

Regional delplan for kulturminne til høyring og offentleg ettersyn

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok i møte den 27.01.2014, sak U-1/14, med heimel i Plan- og bygningslova §§ 5-2 og 8-3 å legge framlegg til Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi til høyring.  Høyringsfristen er sett til 3.april 2014. 

Les meir

Nettverksseminar 13. februar 2014 - analyser av kulturmiljø og kulturlandskap

I samband med kulturminneplanarbeidet i kommunane, vil Møre og Romsdal fylkeskommune invitere til eit nytt nettverksseminar den 13. februar 2014 i Molde, kl. 10.00.

Les meir

Nye midlar til lokale kulturminneplanar

I samband med prosjektet Kunnskapsløftet for Kulturminneforvaltninga lyser Riksantikvaren ut midlar til utarbeiding av lokale kulturminneplanar. Kvar kommune kan søke om inntil kr 100.000,-. Det er også muleg å samarbeide med andre kommunar, museer eller andre kompetansemiljø.

Søknad må innehalde informasjon om organiseringa av arbeidet, namn på deltakarar, budsjett og finansiering, og sendast Møre og Romsdal fylkeskommune innan 7. februar.

Les meir

Fredingsvarsel for M/B Tafjord

Riksantikvaren har sendt ut varsel om oppstart av freding for M/B “Tafjord”, og to andre passasjerskip. Dette er ein del av oppfølginga av fartyvernplanen frå 2010, der Riksantikvaren vil frede ulike fartykategoriar etter tur. Denne gongen er det passasjerskip. Fredinga skal ikkje vere til hinder for vidare drift av fartya.

Les meir

Kontaktpersonar

Bjørn Ringstad Bjørn Ringstad
Fylkeskonservator
71 25 88 41 /
Mob. 414 58 971

Kulturarv på kart

På GISLINK kan du finne informasjon om freda, verna og verneverdige kulturminne og kulturmiljø i Møre og Romsdal.

Du kan også finne informasjon om gamle stadnamn, verdifulle kulturlandskap og arkeologiske registreringar.

Dokument

Plan for kulturminnevernet hefte I
PDF-dokument - 5,27 MB
Plan for kulturminnevernet hefte II
PDF-dokument - 8,89 MB
Plan for kulturminnevernet hefte III
PDF-dokument - 7,60 MB