Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Bygningsvern

Bygningsvern

Menneskeleg aktivitet inneber til ei kvar tid behov for bygningar og anlegg. Enkeltbygg og heile bygningsmiljø ber med seg historiene om særskilde hendingar og enkeltmenneske, og viser typiske tidsbilete knytt til samfunnsliv og næringsgrunnlag. Bevaring av bygde kulturminne er ei kjelde til informasjon om ressursgrunnlag og livsform, materialkunnskap og handverksmetodar i eldre tider.  Vi utviklar identiteten vår i møtet med  bygningar og kulturmiljø som fortel om dei som brukte staden før oss. Og i dag  produserer vi sjølve kulturminne for seinare generasjonar. Verneverdien kan ligge både i det sjeldne og det representative, både i kvardagslege og meir framtredande byggverk.

Svært mykje verneverdige bebyggelse har ikkje eit formelt vern, men i kvar kommune er det gjennomført såkalla SEFRAK-registreringar som gir informasjon om enkeltbygningar og bygde anlegg. Istandsetting  og vedlikehald av slike kulturminne bør skje med kunnskap om og ei medveten haldning til det som gir den enkelte bygning eller bygningsmiljø verdi.

Kommunane vernar og forvaltar kulturhistorisk verdifull bebyggelse i kommune- og reguleringsplanlegginga si. Riksantikvaren kan  etter ein eigen prosess frede utvalde objekt eller miljø av nasjonal verdi. Ved formelt vern vil føresegner gjere nærare greie for korleis istandsetting og eventuelle endringar kan skje.

Riksantikvaren sine heimesider finn du fyldigare informasjon om både vern, restaurering og utvikling.

Dei tilsette på kulturvernseksjonen har ansvar for kvar sine kommunar.  Her er kart over fordelinga av bygningsvern/nyare tids kulturminne: Klikk for større bilde.

Kart - nyare tids kulturminne

Nytt verktøy til kontrollregistrering av SEFRAK

I løpet av 2013 har fleire kommunar gått i gang med å oppdatere sine SEFRAK-register. Mange av bygningane som blei registrert på 1970- og 1980-talet er tapt, forfalt eller fullstendig ombygd. Mange har mista sin verneverdi, medan andre har blitt meir verdifulle.

Les meir

Freding av Dalen gård i Kristiansund

Dalen gård med bygningar, hage og tun er ein godt bevart lystgard frå slutten av 1700-talet. Garden blei etablert som eit løkkebruk for den skotske kjøpmannen Walter Miln, og er eit godt døme på korleis impulsar utanfrå påverka den lokale byggeskikken.

Tunet er no freda. Les meir på Riksantikvaren sine heimesider

Les meir

Severinbrauta i Norddal er freda

Severinbrauta i Norddal er freda av Riksantikvaren som eit svært godt bevart døme på ein husmannsplass frå 1870-talet. Anlegget er heilskapleg, med både bygningar, hage og slåtteng.

Les meir på Riksantikvaren sine sider

Les meir

Nettverkseminar 24. april - kontrollregistrering av SEFRAK og verdivurdering av bygningar

Bilde1

I samband med kulturminneplanarbeidet i kommunane, vil Møre og Romsdal fylkeskommune invitere til eit nytt nettverksseminar den 24. april i Molde, kl. 10.00.

Les meir

Kulturminnesøk-App - Ny app fra Riksantikvaren

Riksantikvaren har nå lansert en ny app for Android-telefoner, der en kan få mer informasjon om kulturminner og kulturmiljø i sitt nærmiljø.

Les meir

Ta et tak 2012

Norsk Kulturarv lanserer nå aksjonen "Ta et tak" 2012, med støtte fra Stiftelsen UNI som har bevilget kr. 500.000 til dette arbeidet. "Ta et tak 2012" retter seg mot våningshus og driftbygninger over hele landet. Dette kan være verneverdig bebyggelse i byer og tettsteder eller bolighus i tilknytning til landbruk, fiske, reindrift eller jakt. Norsk Kulturarv vil også ta i betraktning andre gode søknader, selv om disse ikke faller inn under årets kategori. Bygningen må anses å ha kulturhistorisk verdi, og det er en fordel med uttalelse fra antikvarisk myndighet eller registrering i SEFRAK. Norsk Kulturarv ønsker best mulig geografisk spredning på tiltakene som får støtte. Les meir på Norsk Kulturarv sine heimesider

Les meir

Nettverksseminar - Lokale kulturminne og kulturmiljø

Bjørke, Ørsta

I samband med kulturminneplanarbeidet i kommunane, vil Møre og Romsdal fylkeskommune invitere til eit nettverksseminar den 24.mai i Molde, kl. 09.30.

Les meir

Digitalisering av SEFRAK

I samarbeid med SEDAK har Møre og Romsdal gjennomført et pilotprosjekt i Hareid kommunemed skanning av alle SEFRAK-skjema og -negativa. I samarbeid med kommunen har ein valt å legge ut bileta i Fylkesfotoarkivet. Sjølve skjemaa vil i første omgang bli lasta opp til ein sakshandsamardatabase (Bra Arkiv). Dette er eit nasjonalt prosjekt, som skjer i samråd med Riksantikvaren. Målet er at alle ca 44000 skjema i fylket skal scannast i løpet av komande år. Sande kommune er alt ferdigskanna, og arbeidet er også i gang i Sunndal. Vi arbeider også med å tilgjengeleggjere meir data for publikum.

Les meir

Møre og Romsdal er ferdig med fredningsgjennomgangen

Møre og Romsdal fylkeskommune har gått gjennom alle sine fredingar frå perioden 1923-1979. Les meir i meldinga frå Riksantikvaren, eller les faktaarket frå Fredningsgjennomgangen i fylket.

Les meir

Kontaktpersonar

Christ Allan Sylthe Christ Allan Sylthe
Bygningsantikvar
71 25 88 52 /
Mob. 415 57 888
Send e-post
Jens Peter Ringstad Jens Peter Ringstad
Arkitekt
71 25 88 36 /
Mob. 913 28 057
Send e-post
Siv Aksdal Siv Aksdal
Rådgivar kulturvern
71 25 88 47
Send e-post
Silje Svinsaas Holiløkk
Rådgiver
71 25 89 25
Send e-post
Toril Moltubakk
Arkitekt
71 25 89 28
Send e-post
Ansvarsfordeling - nyare tids kulturminne

Kulturarv på kart

På GISLINK kan du finne informasjon om freda, verna og verneverdige kulturminne og kulturmiljø i Møre og Romsdal.

Du kan også finne informasjon om gamle stadnamn, verdifulle kulturlandskap og arkeologiske registreringar.