Erfaringskonferanse for God Helse partnarskapet
God Helse-partnarskapet inviterer til erfaringskonferanse 9.-10.november i Molde. Kva har skjedd og kva har vi lært av 8 års folkehelsearbeid?
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur
Møre og Romsdal fylkeskommune har eit omfattande engasjement innan kulturområdet. Arbeidet blir gjort i nært samarbeid med kommunane, organisasjonar og institusjonar. Fylkeskulturutvalet har det politiske sektoransvaret medan fylkeskultursjefen har det faglege og administrative ansvaret.
Møre og Romsdal fylkeskommune sine arbeidsområde innan kultur omfattar planarbeid, rådgjeving, forvalting av lovverk om kulturminne, kulturtilskot, spelemidlane, statlege tilskotsordningar, initiering og gjennomføring av ungdomskulturtiltak, førebyggjande og helsefremjande arbeid, Møremusikarordninga, fylkesbiblioteket, anlegg og aktivitet innan idrett/friluftsliv og kulturformidlingstiltak som til dømes Kultursekken.
God Helse-partnarskapet inviterer til erfaringskonferanse 9.-10.november i Molde. Kva har skjedd og kva har vi lært av 8 års folkehelsearbeid?
Dette er nokre klipp frå skolekonserten "Frevo - Gitarhelter" som er utarbeidd av Andreas Karlsen og Pål Granum i samarbeid med Rikskonsertane og produsent Åshild Nygaard.
Vi inviterer til fylkeskulturkonferanse 13.- 14.oktober i Molde. Årets konferanse har vi kalla “Heilskapleg stadsutvikling - kultur i sentrum”. Målgruppa for konferansen er politisk leiing i kommunane, rådmenn, planleggarar, kulturarbeidarar, kulturinstitusjonar, frivillig sektor, biblioteka, utviklingsselskap og næringsliv.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker i samband med lanseringa av www.morotur.no å lyse ut ei konkurranse for dei som arrangerer ein eller fleire turar den 25. og/eller 26. juni 2011.
KRONIKK: Skal du lykkes med å være fysisk aktiv hele livet må du finne noe du liker, uavhengig av hva all verdens forskere sier. Finner du en aktivitet som gir glede og mestring, vil du holde motivasjonen hele livet.
Svært mange nyttar kultur- og fritidstilboda i Møre og Romsdal, syner den ferske undersøkinga Kultur- og fritidstilbod for alle – om kulturpendlarar, fritidspendlarar og andre kulturbrukarar i Møre og Romsdal. Undersøkinga kartlegg bruken av ulike kultur- og fritidstilbod blant vaksne, og er utført av forskar Finn Ove Båtevik ved Møreforsking AS på oppdrag frå fylkeskommunen våren 2011.
Møre og Romsdal Fylkeskommune, Statens Vegvesen og dei to interkommunale friluftsråda i fylket arrangerer dagsamling med fokus på den Trondhjemske postveg, tirsdag 10. mai på Ørskogfjellet.
Alle som arbeider med Kultursekken i kommunar, skular, kulturinstitusjonar er inviterte til møte for gjensidig informasjon og diskusjon om Kultursekken no i mai. Kulturavdelinga arrangerar følgjande møteplassar i mai:
19.5 Ålesund - Radisson BLU
20.5 Molde - Rica Seilet
23.5 Kristiansund - Caroline konferansesenter
Bestemt deg i siste liten for å delta? Ring Johild Bredin.
Kulturlaugstilbodet Ut i sekken for neste skuleår hadde søknadsfrst 15.april 2011
Bestillingsfrist for kulturlauget neste skuleår var 21.3.2011. Alle fekk svar innan 1.5 om kva slags Kulturlaugstilbod de får for kommande skoleår.