Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kultur

– Skal styrke Møre og Romsdal som kulturfylke

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok i dag å tildele kunstnarstipend for 2016 til åtte ulike kunstnarar. Totalt vart det delt ut 600 000 kroner, som skal vere med å styrke Møre og Romsdal som kulturfylke. 

Les meir

Arkeologar for ein dag

Barneskuleelevar ved Åmås friskule fekk eit innblikk i arkeologanes kvardag då dei besøkte arkeologane Arve Nytun og Skule Spjelkavik i felt på Ytre Standal 10. Mai i år. Her fekk dei lære om arkeologisk registreringsmetode, og ikkje minst prøve seg som arkeologar ved å krafse i sjakter og leite etter funn i soldet.

Les meir

Har fordelt over 90 000 kroner i arrangementstøtte

Frå og med 2016 kan folkebiblioteka i Møre og Romsdal søke om midlar til arrangement. No er tilskota for 1. halvår fordelt.

Les meir

Skal fordele rekordsum til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

I dag skal kultur- og folkehelseutvalet tildele over 70 millionar kroner til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Dette er den høgaste summen utvalet nokon gong har fordelt.  

Les meir

Planprogram for Regional delplan for musea endeleg vedtak

Fylkesutvalet har vedtatt planprogram for regional delplan for musea i Møre og Romsdal. Sak U-60/16

Les meir

Lesekampanjen Sommarles startar 1. juni

Sommarles er ein digital lesekampanje for 1.-7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august. Målet med kampanjen er å få så mange barn som mogeleg til å halde ved like og kanskje også betre leseferdigheitene i løpet av ein lang sommarferie. 

Les meir

572 000 kroner til frivillig verksemder

-Det er kjekt å bidra til å styrke grunnlaget for vidareutvikling av aktivitet, og stimulere til frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet i heile Møre og Romsdal, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Les meir

EUs kulturminnepris til Storfjordens venner

Vi gratulerer Storfjordens Venner med EUs kulturminnepris i kategorien “spesiell innsats”. Prisen vart overrekt i Madrid, tysdag kveld, under Europa Nostras årlege kongress. 

Les meir

Aktive barn lærer betre!

Dette er temaet for eit seminar i Ålesund tirsdag 24. mai. Seminaret har no over 60 påmeldte frå heile fylket. Deltakarane er tilsette i skole og SFO eller arbeider innanfor folkehelse. 

Les meir

66 kunstnarar deltek på kunstnaropphald i Volda

Til saman involverer dette 20 ulike kunstproduksjonar av svært høg kvalitet. Det er Seanse – senter for kunstproduksjon, ved høgskulen i Volda, som er vertsskap. Fylkeskommunen er med på å støtte ordninga og har bidrege med 1 020 000 kroner i 2016. 

Les meir

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Monica Kjøl Tornes Monica Kjøl Tornes
Ass. fylkeskultursjef
71 28 02 91 /
Mob. 971 95 375
Send e-post

Om kulturavdelinga

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit omfattande engasjement innan kulturområdet og har koordinerande ansvar på folkehelseområdet. Arbeidet blir gjort i nært samarbeid med kommunane, organisasjonar og institusjonar. Kultur- og folkehelseutvalet har det politiske sektoransvaret medan fylkeskultursjefen har det faglege og administrative ansvaret. Møre og Romsdal fylkeskommune sine arbeidsområde innan kultur omfattar planarbeid, rådgjeving, forvalting av lovverk om kulturminne, kulturtilskot, spelemidlane, statlege tilskotsordningar, initiering og gjennomføring av ungdomskulturtiltak, forvaltning av folkehelselova, drift av folkehelsepartnarskapet God Helse, Møremusikarordninga, fylkesbiblioteket, kulturformidlingstiltak, drift av Kultursekken og utvikling av fagområda fysisk aktivitet og friluftsliv.