Konkurranse om best universelle tursti
Vi lyste ut konkurranse om best universelt utforma tursti/-veg/-løype i Møre og Romsdal. Vinnar blei Igletjønna i Rindal.
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Friluftsliv
Kulturavdelinga si hovudoppgåve innan friluftsliv er å stimulere innbyggjarane til å drive miljøvennleg friluftsaktivitet. Arbeidet med friluftsliv betingar eit tett og godt samarbeid med kommunar og brukargrupper.
Interkommunale friluftsråd, friluftsorganisasjonar og den einskilde friluftlivsutøvar er sentrale samarbeidspartar i arbeidet med friluftsliv både regionalt og lokalt.
Møre og Romsdal fylkeskommune har for å løyse si oppgåve innan friluftsliv starta prosjektet: Friluftsliv i Møre og Romsdal til 2012. Hovudsatsingar her er fordelt på 4 arbeidspakker.
| Arbeidspakke 1 - Coast Alive Coast alive er eit EU-prosjekt som har fokus på friluftsliv i forhold til helse og småbedrifter. Utprøving av metoder og ulike «verktøykasser» vil bli ein sentral del. Korleis ein skal redusere barrierer for friluftsliv er dei viktigaste fokuset. Ein del av dette vil vere utvikling av småbedrifter for å gjere muligheitene for friluftslivsopplevingar betre; guiding, kortreist mat og overnatting er døme på dette. "Biverknader" av friluftsliv innan folkehelsearbeidet er også eit viktig fokus i forhold til tilrettelegging for dagleg friluftsliv. |
Arbeidspakke 2 - Kartlegging / Rådgiving
Det er store mengder turar, turmål, nettstader, turbøker osb i fylket allereie. Utfordringa er at det ikkje finsy nokon enkel måte å finne dette på. Hovudoppgåva blir å kartlegge flest moglege turmål i kvar kommune etter felles mal. Målet er minst 10 turmål inkludert 3 med kulturminner og 3 som er universelt utforma.
Arbeidspakke 3 - Utvikle verktøy
Internettløysing som gjer mylderet av informasjon meir oversiktleg, felles skiltmal, felles gradering av turar slik at ein enkelt veit kva turen dreier seg om.
Arbeidspakke 4 - Gjennomgåande fersdselsårer - helseløyper - Rundløyper i nærmiljøet.
Ferdselårer som Postveien og Kystleden er viktige i historisk samanheng, men også for å kunne løfte friluftslivet ytterlegare. Vi ønskjer å få tilrettelagt nokre av desse slik at dei kan nyttast både lokalt og for turister.
Helseløyper etter Sognsvannmodellen er særs viktig i lokalsammfunna og for folkehelsa. Dette er rundløyper som ligg i tilknytta til dømes buområder. Enkle traséar som alle kan bevege seg på med muligheit for større utfordringar er det ideelle.
Vi lyste ut konkurranse om best universelt utforma tursti/-veg/-løype i Møre og Romsdal. Vinnar blei Igletjønna i Rindal.
Arbeidet med å få implementert ein felles skiltmal for turløyper på Vestlandet kan endeleg ta til etter at regionen fekk ei gåvepakke på 10 millioner kroner frå Gjensidigestiftinga like før jol. Pengane opnar for ei storstilt satsing på merking og gradering av turløyper i dei fire Vestlandsfylka og no er tida inne for at lokale prosjekt kan søka om midlar!
Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker i samband med lanseringa av www.morotur.no å lyse ut ei konkurranse for dei som arrangerer ein eller fleire turar den 25. og/eller 26. juni 2011.
Det er tid for ny søknadsrunde på midlar til merking, skilting og gradering av turløyper på Vestlandet. I Møre og Romsdal vil det i 2012 bli delt ut 1,5 millionar kroner til føremålet.