Nils Tore Leivdal fekk fylkeskulturprisen
Nils Tore Leivdal har arbeidd med å styrke kulturlivet i Møre og Romsdal nesten heile livet. Måndag fekk han fylkeskulturprisen under fylkestingssamlinga i Geiranger.
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Frivillig arbeid
Europakommisjonen har vedteke at 2011 skal vere året for frivillig arbeid. Målet er mellom anna å legge til rette for frivillig arbeid og vise dei gode eksempla.
Millionar av menneske i Europa brukar av tida si i ulike organisasjoner og som frivillig på andre måtar. Denne innsatsen er eit viktig bidrag til å skape felleskap, deltaking og kjensla av å høyre til i samfunnet.
EU-kommisjonen har foreslått å finansiere året med 6 millionar euro, som i hovudsak vil bli fordelt i eksisterande EU-program der frivillig innsats er ein dimensjon av arbeidet. Det betyr at norske kommunar og fylkeskommunar vil ta del i arbeidet og kan få støtte til finansiering av ulike arrangement for å fremje frivillig innsats og erfaringsutveksling, og å sende og motta frivillige til kommunen.
Meir informasjon finn du på KS si heimeside.
Frivilligplan for Møre og Romsdal, som vart vedteke av fylkeskulturutvalet 3. februar 2010, vil bli gjort tilgjengeleg på denne sida innan utgangen av april, og i fylkeskommunen sitt planregister på www.mrfylke.no, som vil vere tilgjengeleg sommaren 2010.
Nils Tore Leivdal har arbeidd med å styrke kulturlivet i Møre og Romsdal nesten heile livet. Måndag fekk han fylkeskulturprisen under fylkestingssamlinga i Geiranger.
Tildeling av spelemidlar for 2012 vart handsama i Kultur- og folkehelseutvalet tirsdag 04.06.2013. Med i overkant av 47 millionar til utbygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet og nærmiljøanlegg, har Møre og Romsdal fått tildelt den 6. høgste tilskotsramma blant fylkeskommunane i landet.
Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune fordelte i overkant av kr. 47 millionar i spelemidlar tirsdag 4. juni. I den samanheng ønskjer fylkeskommunen å seie litt om utviklinga knytt til fordelinga av desse midlane.