Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fylkesbiblioteket

Fylkesbiblioteket

Fylkesbiblioteket er eit fagleg kompetansesenter for biblioteka i fylket med særskilt fokus på utvikling, nettverks- og kompetansebygging. Med rådgiving og bibliotekfagleg assistanse skal fylkesbiblioteket initiere bibliotekutvikling i fylket, og vere ein pådrivar i høve framtidige utfordringar.

Fylkesbiblioteket sin administrasjon, rådgivarstab og bøkene til bokbåten held til i Kirkegt. 10 i Ålesund, i same hus som Interkommunalt arkiv og Kulturnett. Fjernlånstenesta held til i Ålesund bibliotek, og sørger for lån av bøker og andre media til bibliotek i og utanfor fylket.

Bokbåten Epos besøker 71 stader 2 gonger i året med utlån av bøker og kulturprogram med særskilt fokus på barn.

Fylkesbiblioteket:

  •  gir råd og rettleiing i bibliotekfaglege spørsmål
  •  er aktiv pådrivar for nye bibliotekmodellar og utviklingsprosjekt i fylket
  •  initierer og samordnar IKT-utvikling i skole- og folkebibliotek
  •  styrker bibliotekkompetansen i fylket gjennom kurs og opplæring
  •  arbeider aktivt for å styrke litteratur- og kulturformidlinga i biblioteka
  •  låner ut bøker og andre media til folke-og skolebibliotek
  •  gir dei minste stadane i fylket eit viktig bok- og kulturtilbod med Bokbåten Epos
  •  arbeider aktivt for å styrke samarbeidet mellom arkiv, bibliotek og museum i fylket

“På veg med draum og fakta”

Frå måndag 15. august vil ei ny transportordning mellom biblioteka i Møre og Romsdal gi innbyggjarane eit breiare og betre litteraturtilbod.

Les meir

"Von dess = med mulighet at lykkes"- Nasjonal fylkesbibliotekkonferanse 12.-13. juni

"Von dess = med mulighet at lykkes" er ein konferanse for leiarar og tilsette i fylkesbiblioteka i heile landet. Bindande påmelding innan 25. mai 2012.

Les meir

Bokbåten på vintertur

Bokbåten Epos er på vintertur i Møre og Romsdal frå 22.januar til 14.februar. Lasta med nye bøker, lydbøker og familieframsyningar legg båten til kai 67 stadar i fylket. 

Les meir

Kontaktpersonar

Ellen Kristin Molvær
Fylkesbiblioteksjef
70 16 22 71
Send e-post