Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Bokbåten i 2016

Aktiviteten om bord i bokbåten Epos var i hovudsak som i 2015.

Bilde av skodespelar Astrid Elise Sæterøy som fortel om bolletjuven om bord på bokbåten Epos

Dette gjeld både besøk og talet på arrangement om bord. Totalt vart det registrert 5678 besøkande som er 171 færre og 148 arrangement som er 4 fleire enn i 2015.

Talet på utlån direkte frå båten var 12571 som er 118 fleire enn i 2015. Dei offisielle utlånstala frå bokbåttenesta vil i 2016 vere 15385 som er 2814 fleire enn i 2015 fordi utlånstalla for barnebøkene er administrativt lagt til 25 % for å fange opp «meirbruken» som skjer i skulane i tida mellom dei to bokbåtbesøka.

«Kulturane» dette året var Wilhelm Støylen og Per Jostein Aarsand under vårturen og Per Jostein Aarsand og Astri Sæterøy under haustturen.

6 stopp vart kanselert på grunn av dårleg ver.