Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Evaluering av nettsideløysingar for mrbiblioteket.no

Evaluering av nettsideløysingar for mrbiblioteket.no

I 2016 vart det ytra eit ønske frå folkebiblioteka om at fylkesbiblioteket skulle sette i gong ei arbeidsgruppe som skulle sjå på nettsideløysinga til folkebiblioteka i Møre og Romsdal. I dag nyttar 34 av 36 folkebibliotek nettstaden mrbiblioteket.no. 

Liv Randi Foss og Broghild Lien

(f.v) Liv Randi Foss og Borghild Lien

Arbeidsgruppa har hatt tre samlingar og sett på to ulike nettsideløysingar: Webløft og mrbiblioteket.no. Peter von Krogh frå Buskerud fylkesbibliotek som er prosjektleiar for Webløft, deltok på møte 03.11.16. Han presenterte Webløft og moglegheitene for nettsideløysninga.

Rett før jul var TIBE Reklamebyrå til stade for å drøfte vidareutviklinga av mrbiblioteket.no med arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa kom med sine innspel på kva ein må gjerne med nettstaden for at biblioteka skal få optimale sider.

Arbeidsgruppa er no i gong evalueringsarbeidet, og ser på fordelar og ulemper med dei ulike nettsideløysingane. Arbeidsgruppa vil kome med si anbefaling i løpet av mars. 

Annette Koch og Petter von Krogh
Lise Bull (f.v) og Gro Feght.
       

Desse er med i arbeidsgruppa: Lise Bull, Fræna folkebibliotek; Janita Mo, Volda folkebibliotek; Marianne Langøy, Averøy folkebibliotek; Claus Christian Hansen, Sunndal folkebibliotek og Nesset folkebibliotek; Liv Randi Foss, Ålesund bibliotek; Borghild Lien, Kristiansund bibliotek og Gjemnes folkebibliotek; Gro Feght, Molde bibliotek;  Anne Skjeggestad, Surnadal folkebibliotek; Håvard Bjørnelv, Giske folkebibliotek; Tommy Skalstad, Annette Koch og Madelen Ramsøy representerer Møre og Romsdal fylkesbibliotek.