Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Inspirassjonssamling 2017 gjennomført

Kontaktpersonar

Madelen Ramsøy Madelen Ramsøy
Bibliotekrådgivar
70 16 22 76 /
Mob. 934 40 410
Send e-post

Inspirassjonssamling 2017 gjennomført

Måndag 8. mai på Vestnes og tysdag 9. mai i Kristiansund vart det arrangert inspirasjonssamling for leseombod i Møre og Romsdal. Ca. 40 leseombod var tilstade og vart inspirert av formidlar og inspirator for anledninga, Hilde Eskild.

Inspirasjonssamling 2017 i Kristiansund

Inspirasjonssamling 2017 i Kristiansund

Eskild jobbar som forteljar, forfattar og lærar. Ho har brei erfaring som kurshaldar i munnleg forteling, og vart i 2014 kåra til Norgesmeister i litteraturformidling. Hilde har og skrive fleire bøker i samarbeid med Benedicte Hambro.

Leseombodsordninga

Bok til alle-biblioteka organiserer eit unikt tilbod til folk som av ulike grunnar ikkje kan lese sjølve. Eldre med demens, menneske med utviklingshemming, blinde og svaksynte, folk med anna morsmål osv.,  kan ha stor glede av regelmessig besøk av eit leseombod, anten dei bur heime eller på institusjon. Leseomboda kan vere tilsette ved ein institusjon som les for bebuarane i arbeidstida si, men for det meste er det frivillige som tek på seg oppgåva å lese for andre på fritida si. 

Bibliotek i Møre og Romsdal som ønskjer å bli med i dette nettverket må ta kontakt med fylkesbiblioteket.

Ønskjer du eit slikt tilbod for deg sjølv eller andre? Ta kontakt med folkebiblioteket i eigen kommune.

Meir informasjon om Leser søker bok: http://lesersokerbok.no/om-oss/