Pixar med gratis foredrag for studentar
Gratis foredrag for studentar - korleis arbeider filmstudioet Pixar med kreative prosessar? InnoTown og NCE Maritime inviterer.
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Kreative næringar
Kreativitet og idérikdom i kulturlivet er også viktige for næringslivet. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å legge til rette for møtestader og nettverk som bidreg til fleire nye arbeidsplassar innafor dei kreative faga (film, foto, musikk, teater, dans, design, animasjon osv.) og auka overlevings- og innovasjonsgrad.
Gratis foredrag for studentar - korleis arbeider filmstudioet Pixar med kreative prosessar? InnoTown og NCE Maritime inviterer.
I morgon arrangerer Norsk Designråd Designdagen 2013. Du kan følgje direktesendinga.
Samarbeid mellom høgskule og næringsliv, entreprenørskap blant innvandrarar og knoppskyting frå eksisterande verksemder vil bli prioriterte område for utlysing av gründermidlar i 2013. Det vedtok Regional- og næringsutvalet i dag.
Prosjekt Kulturminnenæring er ei oppfølging av verdiskapingsprogrammet Atlanterhavsvegen Bud-Kristiansund (ABK). Kulturminnebasert verdiskaping vil forsatt vere hovudtema, men no med eit sterkare næringsfokus.
Påmeldingane strøymer inn når Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge arrangerer workshop om kreative næringar i Møre og Romsdal neste veke. Målet med workshopane er å finne ut korleis vi i fellesskap skal få til eit løft for denne næringa.
Menon Business Economics har på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune v/ kulturavdelinga, utarbeidd ein rapport om kulturnæringane i fylket. Her kan du lese eit samandrag.
Det er no lyst ut forskingsmidlar til forskingsprosjekt innan “samisk identitet, kultur og næringsutvikling i eit digitalisert kompetansesamfunn”. Utlysinga er eit samarbeid mellom Regionalt forskningsfond Midt-Norge, Nord-Norge og Innlandet. Søknadsfrist er 13. februar 2013.
Har du nokon gong tenkt over at turistane som besøkjer oss her ute i havgapet synest at steinalderbuplassane ved Bremsneshola, klippfiskhistoria eller dei tapre losane på Hustadvika er det mest eksotiske ved staden vi bur?