Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kulturbyggmidlar

Desentralisert ordning for lokale kulturbygg er delegert til fylkeskommunen frå Kulturdepartementet.  Tilskudd skal medvirke til egna lokale og bygningar som gir rom for ulik kulturell verksemd  Bygningane skal fungere som kulturelle møtestader for lokalmiljø og / eller for ein region.

Midlene kan brukas til nybygg, ombygging og modernisering av kulturhus, men ikkje til ordinært vedlikehald eller drift.

Kven kan søkje?

Søkjar kan være andelslag (der alle som ønskjer det kan vere med), kommunar, stiftingar eller organisasjonar med demokratisk oppbygging.  Vilkår for at ein organisasjon kan søkje, er at kommune eller fylkeskommune slår fast at utforming av bygget, vedtekter og driftsplan gjer det til eit allment lokalt kulturbygg. For andelslag og stiftingar skal vedtektene forhåndsgodkjennast av fylkeskommunen.

Søknaden skal gå gjennom kommunen.

Hva kan en søke om tilskudd til?

Det kan søkjast om investeringstilskudd til nybygg, tilbygg/ombygging av eksisterande kulturlokale og kjøp/ombygging av andre lokale til kulturbygg. Det blir ikkje gitt tilskudd til erverv av grunn, dekking av gjeld eller til utgifter til arbeid utanfor 1 m frå yttergrensa til anlegget.

Søknadsfrist:

  • Den enkelte kommune fastset eigen søknadsfrist
  • Godkjendt søknad med vedlagt kommunal prioritering skal sendast fylkeskommunen innan 1.mars kvart år

Det skal nyttast elektronisk søknadsskjema gjennom idrettsanlegg.no, lenke finn de her.

Retningslinjer finn de som pdf til høgre.

Tildeling for 2013 vil bli vedteke av Kultur- og folkehelseutvalet i september.

Contacts

Hege Merethe Gagnat Hege Merethe Gagnat
Rådgivar kulturformidling
71 25 88 87 /
Mob. 901 14 024
Send e-mail

Dokument

Retningslinjer kulturbygg
PDF-dokument - 64,81 kB