Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kulturrabatt for ungdom - logo

Kulturrabatt for ungdom

Kulturkort for ungdom var eit prosjekt satt i gang av Kulturdepartementet, men opphøyrde i 2015 frå staten si side. Møre og Romsdal fylkeskommune har vald å vidareføre Kulturrabatt for ungdom i eigen regi. Ordninga gir ungdom 25 prosent rabatt eller meir på kulturopplevingar ved ein del institusjonar, til dømes kino og kulturhus.

Ordninga gjeld for ungdom i alderen 16-20 år.  På kino er aldersgrensa 15-20 år.

Det er gjort spesielle avtalar med ein del festivalar i fylket om større rabatt.  Til dømes er det avsatt kvoter med festivalpass på Jugendfest, Midtsommerjazz, Moldejazz og Vindmølle:Larm.

Ungdom vil få kjøpt billettar med Kulturrabatt ved å vise gyldig legitimasjon.  Rabatten er personleg, og kvar enkelt ungdom får difor berre kjøpe ein billett.  Rabatten kan ikkje brukast for skuleklassar. På festivalane må ein ofte vise legitimasjon og bytte inn billett i armband.

Ordninga har eiga Facebookside. Nye avtalar blir kunngjort der. Ungweb.no vert også brukt som profileringskanal.

Oppdatert liste over stader med Kulturrabatt finn du på høgre side.

Fylkeskommunen tar inn nye kommunar/institusjonar/kulturarrangørar etter kvart som dei melder si interesse.  Til høgre ligg mal for avtale.

Kontaktpersonar

Hege Merethe Gagnat Hege Merethe Gagnat
Rådgivar kulturformidling
71 28 03 23 /
Mob. 901 14 024
Send e-post

Dokument

Kulturrabatt liten plakat
PDF-dokument - 6,54 MB
Avtalemal 2016, Kulturrabatt
DOCX-dokument - 1,16 MB