Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Mølleruinane på Bruhagen

Kulturvern

Møre og Romsdal fylkeskommune har desse hovudoppgåvene innan kulturvern:

  • Vern og formidling av faste kulturminne
  • Ivareta museumsvesenet i fylke

Dette er oppgåver delegerte frå Miljøverndepartement/ Riksantikvar og oppgåver etter avtale med Kulturdepartementet. Det er også oppgåver etter fylket sitt eige initiativ, som til dømes rådgjeving i bygningsvern og uteskulen i Kultursekken.

I plan- og utbyggingstiltak i fylket er vår oppgåve å medverke til at endringane fører til minst mogleg reduksjon av kulturminneverdiane. Dette skjer gjennom innspel og fråsegner i plan- og byggesaker på grunnlag av fagleg kartlegging og vurdering.

For museumsvesenet i fylket er kulturavdelinga eit styrings- og samordningsorgan med viktige kontaktfunksjonar mellom musea og mot sentrale instansar.

Forståing og engasjement for kulturvernet oppnår ein best gjennom det enkelte individ sin kunnskap og innsikt. Formidling av og tilgjenge til kulturminna og kunnskapen om objekta er viktig å bringe ut til innbyggarane i fylket. Dette skjer gjennom foredrag, seminar, artikkelskriving og deltaking i Kultursekken.


Over 1.000.000 kr til utarbeiding av lokale kulturminneplaner i Møre og Romsdal

I samband med prosjektet Kunnskapsløftet for Kulturminneforvaltninga har Møre og Romsdal fylkeskommune mottatt kr.200000,- i tilskot frå Riksantikvaren. Prosjektet tek sikte på å styrke kulturminnearbeidet i kommunane, hovudsakleg gjennom utarbeiding av lokale kulturminneplaner. Kommunane vil då få betre oversikter over eigen kulturminnebestand, og kunne trekkje ut særleg verdifulle kulturminne og kulturmiljø. Ein kan ikkje ta vare på alt, men gjennom målretta arbeid kan ein sørgje for at eit representativt utval av kulturminna blir godt bevart for ettertida.

Les meir

Nettverksseminar - Lokale kulturminne og kulturmiljø

Bjørke, Ørsta

I samband med kulturminneplanarbeidet i kommunane, vil Møre og Romsdal fylkeskommune invitere til eit nettverksseminar den 24.mai i Molde, kl. 09.30.

Les meir

Ut i sekken 2012/2013 - Påmelding

Det er no klart for at grunnskulane kan søkje om "Ut i sekken" for neste skuleår. Søknadsfrist var 4.mai. "Ut i sekken" er eit Kulturlaugstilbod som byr på undervisningsopplegg for elevar i grunnskolen, best tilpassa for 4.–10.trinn.

Les meir

Nesten en halv million til skilting og skjøtsel av arkeologiske kulturminner i 2012

I samband med Bevaringsprogrammet for utvalgte arkeologiske kulturminner (BARK), har Riksantikvaren gitt Møre og Romsdal fylkeskommune tilsagn på 470000 kr. Midlene vil bli fordelt etter søknad og prioritering, og i samråd med kommunane i fylket.

Les meir

Film frå Minnefinnekurs i Hareid

Kulturavdelinga arrangerte i november Minnefinnekurs for elever ved Hareid ungdomsskule. Trykk her for å sjå ein film frå prosjektveka!

Les meir

Pilegrimsmøte på Åndalsnes 17. april 2012

Ei interkommunal arbeidsgruppe har førebudd ein søknad om godkjenning av ei pilegrimslei i Heilag-Olav sine fotefar frå Valldal til Dovre, og vidare derifrå til Nidaros. På eit møte på Åndalsnes tysdag 17. april vart dette arbeidet presentert for fylkeskommunane og pressa.
Les meir på heimesidene til Rauma kommune

Les meir

100 8.klassingar på Minnefinnekurs i Ørsta

Siste veka i april var representantar frå Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal på vitjing hjå 8.klasse ved Ørsta Ungdomsskule for å undervise i innlegging av kulturminne i Kulturminneatlas. Elevane hadde førebudd seg godt, gjennom prosjektarbeid i gruppe med forskjellige kulturminne frå lokalmiljøet. Resultatet vart ei rekke nye, spanande artiklar om kulturminne i Ørsta.

Les meir

Næring i verneverdige byområder - Invitasjon til å søke om tilskuddsmidler i 2012

Næring i verneverdige byområder” er et prosjekt under Verdiskapingsprogrammet og administreres av By- og tettstedsseksjonen (PBT) hos Riksantikvaren. Gjennom dette prosjektet ønsker kulturminnemyndighetene å øke kunnskapen om praktiske, strategiske og planmessige grep som kan medvirke til å opprettholde og videreutvikle næring i verneverdige byområder. De 8 kommunene i nettverket ”Næring i verneverdige byområder” inviteres til å søke om tilskudd til å gjennomføre relevante tiltak som kan bidra til utvikling av erfaringer og kunnskap. Det kan søkes om midler til et nytt prosjekt eller til videreføring av eksisterende pilotprosjekt. Hver kommune kan sende inn én søknad.

Les meir

Seminar om kulturminne og verdiskaping i Ålvundfjord

Kulturverneren Nils Ulvund i Sunndal kommune har tatt initiativ til seminar for å få fram hvordan kulturminner kan bidra til verdiskaping. Ulvund har fått støtte fra Kulturminnefondet til en smie og han ser hvordan det å ta vare på kulturarven kan bidra til å skape attraktive lokalsamfunn for både fastboende og tilreisende. Sunndal kommune har vært fødselshjelper for seminaret som har fått et veldig spennende og interessant program.

Les meir her

Les meir

Nye tilskot for 2012

Kommunane i Møre og Romsdal er prioriterte til å søke Riksantikvaren om midler til å kulturminner/lage kommunedelplaner – kr 100 000 per kommune. Søknadsfristen er 1. april 2012.

Riksantikvaren ønsker at arbeidet i kommunene har en god forankring i kommunale politiske organ, og ber om å få tilbakemelding om dette sammen med søknaden, gjerne med saksutgreiing og politisk vedtak (evt. kommunal planstrategi).

Les meir

Kontaktpersonar

Bjørn Ringstad
Fylkeskonservator
71 25 88 41
Send e-post
Siv Aksdal Siv Aksdal
Rådgivar kulturvern
71 25 88 47
Send e-post
Brit Hansen
Rådgivar kulturvern
71 25 88 35 /
Mob. 994 60 433
Send e-post
Christ Allan Sylthe Christ Allan Sylthe
Bygningsantikvar
71 25 88 52 /
Mob. 415 57 888
Send e-post
Jens Peter Ringstad Jens Peter Ringstad
Arkitekt
71 25 88 36 /
Mob. 913 28 057
Send e-post
Kristoffer Dahle Kristoffer Dahle
Arkeolog/rådgivar
71 25 89 03 /
Mob. 992 28 103
Send e-post
Kjersti Dahl Kjersti Dahl
Rådgivar/arkeolog
71 25 88 49 /
Mob. 466 77 889
Send e-post
Øyunn Kleiva Øyunn Kleiva
Rådgivar/arkeolog
71 25 88 67 /
Mob. 959 45 835
Send e-post
Helge Aarset Helge Aarset
Rådgivar kulturvern
71 25 87 67
Send e-post
Trond Eilev Linge
Arkeolog / rådgivar
71 25 88 40 /
Mob. 915 24 230
Send e-post

KulturvernMoRo