Kristninga av Romsdal
Sommaren 2011 vil Sæbjørg Walaker Nordeide ved Senter for Middelalderstudier i Bergen gjere arkeologisk feltarbeid i Romsdal i samband med prosjektet "The emergence of micro-Christendoms at 'the edge of the world' around AD 1000: The Romsdal case." Hovedproblemstillingen i prosjektet er å undersøke forholdet mellom kristne og ikkje-kristne i landskapet i perioden då kristendommen blei etablert i området.
Undersøkingane vil foregå i mai 2011. Dei lokalitetane som vil bli undersøkt er gravplassen på Villa på Vestnes, og gravfeltet på Horgheimseidet i Romsdal og ei mogleg hellargrav ved Bjørmosen på Åndalsnes.
På Villa er det tidlegare undersøkt ein tidleg kristen kyrkjegard, men det finns ikkje sikre haldepunkt for alderen på gravplassen og om det også har stått ei kyrkje på staden. På Horgheimseidet finns eit av dei største heidenske gravfelta i Romsdal, men det er usikkert kor lenge det har vore i bruk. Gravfunnet som blei gjort i ein hellar ved Bjørmosen på Åndalsnes verkar i alle fall å vere sein. Personen kan ha blitt gravlagt på om lag samt tid som den fyrste kristne kulten fann stad på Veøya.
Oppdatert: 05.05.11