Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Kulturvern > Arkeologi > Prosjekt > Samisk busetjing i Trollheimen i jarnalder og mellomalder?

Samisk busetjing i Trollheimen i jarnalder og mellomalder?

I løpet av 2010 og 2011 vil det gjennomføres registreringer i Trollheimen i regi av Sametinget, Stiftelsen Saemien Sijte og prosjektet ”Saemieh Saepmesne – I det samiske rummet”. Målet er å påvise eventuelle samiske kulturminner som fangstmarksgraver, eldre busetjingsspor (stalotomter, skogstomter), beingjemmer, bjørnebegravelser etc. som kan peike i retning av  samisk busetjing i området i eldre tid. Prosjektet vil konsentrere seg om Gamseterdalen, Granasjøen, Svarthatten, Sunndalen, Innerdalen og områda ved Tovatnet, og skje i samarbeid med lokale samiske registratorar.

I seinare år har ein fått auka fokus på utbreiinga av den sørsamiske busetjinga i forhistorisk tid, ikkje minst etter funnet av samiske kulturminner frå ca 1000 e.Kr. på Aursjøen. Ein har også gjort liknande funn lengre sør, i Valdres og på Hardangerviida. Les meir om registreringane i 2010, eller følg med på heimesida til Samieh Saepmesne.