Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Plan- og byggjesak

Jamfør gjeldande forskrifter til Lov om kulturminner er fylkeskommunen delegert ansvaret for å ivareta dei samla verneinteressene knytt til kulturminne i plan- og utbyggingssakar. Vi uttalar oss mellom anna til følgende planer etter  plan- og bygningsloven: reguleringsplaner (område- og detaljregulering), kommuneplaner, kommunedelplaner, konsekvensutgreiingar, konsesjonssøknader og søknader om dispensasjon. Fylkeskommunen kan i slike saker krevje at det foretas arkeologiske registreringer forut for en eventuell godkjenning, jamfør kulturminneloven § 9. Alle kulturminner eller spor etter menneskelig virksomhet fra før reformasjonen, det vil si før år 1537, er automatisk fredet etter § 4 i Lov om kulturminner (kulturminneloven).


Nettverkseminar 24. april - kontrollregistrering av SEFRAK og verdivurdering av bygningar

Bilde1

I samband med kulturminneplanarbeidet i kommunane, vil Møre og Romsdal fylkeskommune invitere til eit nytt nettverksseminar den 24. april i Molde, kl. 10.00.

Les meir

Samarbeidsmøte med kommunane om kulturminneplanarbeidet

Møre og Romsdal fylkeskommune legg no i vinter opp til fem samarbeidsmøte med kommunane om lokalt og regionalt kulturminneplanarbeid.

Jens Peter Ringstad vil orientere om arbeidet med regional delplan, leggje fram forslag til kart over kulturminne og kulturmiljø av nasjonal og regional verdi i dei ulike kommunane og be om innspel. Kristoffer Dahle vil presentere arbeidet som fylkeskommunen gjer for å tilretteleggje for kommunane sine lokale kulturminneplanar. Vi håpar også at møta vil vere eit godt utgangspunkt for samarbeid på tvers av kommunane.

Klikk "Les meir" for å sjå den førebelse møteplanen. Kommunane vil også få tilsendt skriftleg invitasjon, og det er mogleg det vil komme justeringar.

Les meir

Fagdag om temadata 5. mars

Kartverket ønsker å stimulere til auka bruk av temadata i kommunane, m.a. gjennom å spreie kunnskap om korleis tilgjengelege kartdata kan brukast i kommunal forvaltning. Dette omfattar også kulturminnedata, som vil bli eit av to hovudtema på fagdagen.

Vi oppfordrar kommunane til å møte på fagdagen, og det vil være særleg aktuelt å hekte på dei som jobbar med kart, areal, plan og byggesak.  I tillegg til å presentere tilgjengelege karttema, vil det orienterast om kulturminneplanarbeidet og nye metodar for å påvise arkeologiske kulturminne (LIDAR). Det andre hovudtemaet er risiko og sikkerheit (ROS)

Les meir

Nye midlar til utarbeiding av lokale kulturminneplaner i 2013

Riksantikvaren har no opna for at fleire kommunar kan søke om midlar til kulturminneregistrering og utarbeiding av lokale kulturminneplanar. Nytt for året er at søknaden skal gå gjennom oss i fylkeskommunen. Fristen er satt til 15. februar 2013, men for at vi skal kunne utarbeide søknaden ber vi om at interesserte kommunar tek kontaktinnan 1. februar 2013.

Les meir

Utviklingsnett: Kulturminner og kulturmiljøer som verdi og ressurs i bytransformasjon

Nytt Utviklingsnett vil bli arrangert i Drammen 22. januar 2013. Tema for samlingen er Kulturminner og kulturmiljøer som verdi og ressurs i bytransformasjon.

Les meir

Kunnskapsløftet fekk 6 millionar i statsbudsjettet for 2013

Riksantikvaren fekk gjennom statsbudsjettet for 2013 6 millionar til prosjektet Kunnskapsløftet. Dermed fortsetter Riksantikvarens innsats for blant annet bedre kulturminnedatabaser for hele forvaltningen, og stedsanalyser og planarbeid i kommunene.

Les meir på Riksantikvarens sider

Les meir

Nettverkseminaret 24. mai 2012

Nettverksseminaret om lokale kulturminne og kulturmiljø blei fullteikna. Det samla ein stor del av kommunane i fylket, samt andre konsulenter, frivillige og andre med interesse for lokalt kulturminnevern.

Temaet var verdivurdering. Ein av dei viktige debattane gjekk på dilemmaet mellom fagkunnskap og lokal medverknad, både med omsyn til å skape engasjement og for at planene skal bli nyttige verkty i arealplanlegginga.

Her kan du laste ned alle powerpointpresentasjonane:

Les meir

Handbok for kulturminneregistrering

«Håndbok for lokal registrering av kulturminner» skal være et hjelpemiddel i det praktiske registreringsarbeidet slik at kommunene både kan få god kunnskap og oversikt over lokalhistorien og kulturminnene. Det er nå kommet en revidert versjon med et nytt kapittel om verdisetting og verdivekting.

Last ned handboka eller les meir på Riksantikvaren sine heimesider.

Les meir

Over 1.000.000 kr til utarbeiding av lokale kulturminneplaner i Møre og Romsdal

I samband med prosjektet Kunnskapsløftet for Kulturminneforvaltninga har Møre og Romsdal fylkeskommune mottatt kr.200000,- i tilskot frå Riksantikvaren. Prosjektet tek sikte på å styrke kulturminnearbeidet i kommunane, hovudsakleg gjennom utarbeiding av lokale kulturminneplaner. Kommunane vil då få betre oversikter over eigen kulturminnebestand, og kunne trekkje ut særleg verdifulle kulturminne og kulturmiljø. Ein kan ikkje ta vare på alt, men gjennom målretta arbeid kan ein sørgje for at eit representativt utval av kulturminna blir godt bevart for ettertida.

Les meir

Contacts

Kjersti Dahl Kjersti Dahl
Rådgivar/arkeolog
71 25 88 49 /
Mob. 466 77 889
Send e-mail
Siv Aksdal Siv Aksdal
Rådgivar kulturvern
71 25 88 47
Send e-mail
Trond Eilev Linge
Arkeolog / rådgivar
71 25 88 40 /
Mob. 915 24 230
Send e-mail
Bjørn Ringstad Bjørn Ringstad
Fylkeskonservator
71 25 88 41
Send e-mail
Helge Aarset Helge Aarset
Rådgivar kulturvern
71 25 87 67
Send e-mail