Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møremusikarane.no

Møremusikarane

Møremusikarordninga er ei profesjonell musikarordning som skal sikre gode musikktenester til kulturlivet i Møre og Romsdal. Ordninga omfattar mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune sine fast tilsette musikarar og verksemda deira. I tillegg kan fylket på frilansbasis engasjere andre profesjonelle musikarar til oppdrag for kulturlivet i fylket.

Kva kan Møremusikarordninga nyttast til?

Instruksjonsoppdrag, alle typer konsertar, akkompagnering, arrangering og komponering, assistansespill i amatørensembler, medverknad i profesjonelle ensembler, kulturelle innslag ved til dømes kurs, konferansar og møter, solistoppdrag, kursverksemd med meir.

Kven kan søkje om Møremusikartenester? 

  • Konsertarrangører av alle typer konsertar
  • Lag og organisasjonar 
  • Det frivillige musikklivet som til dømes kor, korps, band og orkester 
  • Det lokale næringslivet 
  • Festivalarrangørar m.f. 

Søknadsskjema og meir informasjon finn de på Møremusikarane sine eigne nettsider (OBS! Nye satsar frå 01.august 2015) :

http://www.moremusikarane.no/Moeremusikarane/Heim

Kontaktpersonar

Lene E. Torgersen Mordal
Rådgivar kulturformidling/ musikkprodusen
71 28 03 22 / Mob. 482 96 853
Send e-post
Hanne Brakstad Hanne Brakstad
rådgivar
71 28 03 21 /
Mob. 922 87 766
Send e-post

Bilde Møremusikarane

Dokument

Jubileumskonsert Møremusikarane 2011
PDF-dokument - 7,68 MB