Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > 550 000 i tilskot profesjonelle kunst- og kulturproduksjonar

Kontaktpersonar

Hanne Brakstad Hanne Brakstad
rådgivar
71 28 03 21 /
Mob. 922 87 766
Send e-post

Dokument

Omtale om prosjekta
PDF-dokument - 182,37 kB

550 000 i tilskot profesjonelle kunst- og kulturproduksjonar

- Søknadsmassen og det høge nivået på søknadane viser at det er godt tilfang på profesjonelle utøvarar med høge ambisjonar i fylket vårt, og at det er mange unge, profesjonelle utøvarar som ønskjer å produsere nyskapande kunst- og kulturproduksjonar, seier konstituert seksjonsleiar Hanne Brakstad ved kulturavdelinga.

Barneførestillinga "Den mekaniske hagen", har fått 80 000 kroner i støtte. 

Møre og Romsdal fylkeskommune har i 2016 lyst ut tilskot til profesjonelle kunst- og kulturproduksjonar for å stimulere til auka kulturproduksjon innan alle kunstartar. No er desse midlane fordelt.

Produksjonar retta mot barn og unge

-Vi mottok 26 gode søknader frå profesjonelle aktørar i Møre og Romsdal, og det er svært gledeleg at så mange ønsker å produsere kunst- og kulturprosjekt av høg kunstnarleg kvalitet i fylket vårt, seier Brakstad.

Ho fortel at det er krevjande å måtte prioritere mellom så mange gode søkjarar. – I år valde vi å prioritere søkjarar som hadde fokus på nyskapande produksjonar retta mot barn og unge. I tillegg vart det blant anna vektlagt at produksjonen blir tilgjengeleg for flest mogleg i fylket, og det er variasjon innanfor kunstartane, avsluttar Brakstad.

Følgande prosjekt har fått tilskot: 

Namn: Type: Kommune Tilskot:
Deling Visuell kunst Smøla, Surnadal og Ålesund 100 000,-
Den mekaniske hagen Barneførestilling   80 000,-
Draum om Spel Kunstpedagogikk Ålesund 80 000,-
Møre og Romsdal Kunstsenter/ Momentium Utandørs skulptur/ installasjonskunst Giske 20 000,-
Møre og Romsdal kunstnarsenter Installasjon og konseptuell kunst Molde 50 000,-
BEVARE Hildur Dansekompani workshops for barn og unge                                                                                                                                     70 000,-
Følelser, Ole Andreas Starheim Silseth Scenekunst    100 000,-
Undergrunn, Trine Røssevoll Visuell kunst Ålesund 50 000,-
Bilde av Trine Røssvod, Undergang

Trine Røssvod, Undergang, har fått støtte. 

Bilde av DELING, prosjekt. visuell kunst,

Prosjektet deling har fått 100 000 kroner i støtte.