Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > 75 millionar til idrettsanlegg i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post

75 millionar til idrettsanlegg i Møre og Romsdal

7. juni skal kultur- og folkehelseutvalet tildele spelemidlar på nærare 75 millionar kroner til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal. Det er ei auke på om lag 5 millionar kroner frå 2016, og den høgste summen utvalet nokon gong har fordelt.

Det er kulturavdelinga, ved seksjonen Folkehelse og fysisk aktivitet, som forvaltar spelemidlane. Rigmor Hustad Holen (til venstre) er ny seksjonsleiar, og ny rådgivar og saksbehandlar for ordninga er Therese Thue Hvattum. Rådgivar Anders Ellingseter var ikkje til stades då bildet vart tatt. 

-Dersom utvalet følger tilrådinga frå fylkesrådmannen, vil meir enn 66 millionar kroner gå til ordinære anlegg og nesten 9 millionar kroner til nærmiljøanlegg, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

106 søknader med positiv tilråding

Møre og Romsdal har også i år den 7. høgste tilskotsramma i landet. I alt 271 søknader er sendt fylkeskommunen innan søknadsfristen. Av desse vart 247 søknadar godkjent, med ein samla verdi på anleggskostnadar på over 1,5 milliardar kroner.

Fylkesrådmannen har positiv tilråding på i alt 106 av søknadane. Tilrådinga er mellom anna basert på politiske prioriteringar, innspel frå kommunane og fylkesanleggsrådet. Dersom forslaget til fordeling blir følgt, vil om lag 25 prosent av dei godkjente søknadane få tildelt midlar.

–Stort behov for midlar

-Dette viser at behovet for anlegg til idrett og fysisk aktivitet er langt større enn det vi har midlar til, seier Wedlog Olsen.

 Nesten 12 prosent av summen går til 35 søknadar på nærmiljøanlegg. Nærmiljøanlegg er anlegg som ikkje er spesielt tilrettelagt for organisert konkurranseidrett, men der målsettinga er at dei skal vere allment tilgjengelege og berekna for eigenorganisert fysisk aktivitet.

Dei 71 søknadane på ordinære anlegg har 59 nye tilsegn. I tillegg til 12 tidlegare tilsegn, som et etterslep frå tidligare år. Ordinære idrettsanlegg er i hovudsak nært knytt til konkurranse- og treningsaktivitet for idrettsorganisasjonane.

Frå steintrapp til hestesport

Blant anlegga som er foreslått prioritert i år, er det eit stor mangfald. Vi kan nemne Steintrapp Midsundura (Midsund IL), Fræna  Hestesportsenter (Ridehall til Fræna Rideklubb), rulleskianlegg på Skaret skisenter og Vigrahallen idretts- og  fotballhall (Giske kommune).

Seksjonsleiar Rigmor Hustad Holen er fornøgd med auken i årets tildeling av spelemidlar til Møre og Romsdal. –Samtidig ønskjer vi oss fleire godkjente søknadar, då dette påverkar samla tildeling til Møre og Romsdal, seier ho. 

Bilde av ridehall

Saksframlegg med vedlegg finn du her