Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Alnes – det nye utvalde kulturlandskapet vårt

Kontaktpersonar

Siv Aksdal
Rådgivar kulturvern
71 25 88 47
Send e-post

Alnes – det nye utvalde kulturlandskapet vårt

Satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket, er ei oppfølging av nasjonale mål om å ivareta kulturlandskapet. Dette er eit samarbeid og eit spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmaktene. 

Alnes sett frå lufta

Ordninga blir forvalta lokalt av landbruksavdelinga og miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen, saman med kulturavdelinga i fylkeskommunen.

Ønsker langsiktig forvaltning

–Føremålet med satsinga på Utvalde kulturlandskap, er å få til ei langsiktig forvalting av eit utval landskapsområde med svært store biologiske og kulturhistoriske verdiar, som er forma gjennom langvarig og kontinuerleg tradisjonell bruk, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Sidan 2009 har Øvre Sunndal representert Møre og Romsdal i denne satsinga. Rett før jul i 2016 vart det vedtatt at satsinga på Utvalde kulturlandskap skulle utvidast, og alle fylka fekk i oppdrag å lansere forslag på nye gode kandidatar som kunne innlemmast i ordninga.

Alnes på kartet

–Eitt av områda som vart foreslått frå Møre og Romsdal var Alnes i Giske kommune. Dette området har no fått godkjenning i direktorata saman med ni andre område i landet, og arbeidet med å setje Alnes på kartet som eit nytt utvalt kulturlandskapsområde i Møre og Romsdal kan starte opp!, seier landbruksdirektør Frank Madsøy hos Fylkesmannen. 

Eit gamalt bilde frå Alnes

Eit gamalt bilde frå Alnes. Årstal og fotograf er ukjent.

Her er oversikta over dei ni nye områda i Utvalde kulturlandskap:
Område Kommune Fylke Landskapstype Landskapsregion Jordbruksregion
Værne Kloster Rygge Østfold Herregårdslandskap 2 Oslofjorden og 3 Leirjords-bygdene på Østlandet 2 Østlandets og Trøndelags lavlandsbygder
Sørkedalen med Bogstad gård Oslo Oslo Bynær skogsbygd med herregård 7 Skogstraktene på Østlandet 2 Østlandets og Trøndelags lavlandsbygder
Leveld Ål Buskerud Bygd i dalside med tun på rekke og teigdelt innmark 11 Øvre dal- og fjellbygder i Oppland og Buskerud 4 Sør-Norges dal- og fjellbygder
Hjartdal/Svartdal/-Flatdal Hjartdal og Seljord Telemark Bygder i dallandskap med med småskala bruksstruktur 12 Dal- og fjellbygder i Telemark og Agder 4 Sør-Norges dal- og fjellbygder
Havrå Osterøy Hordaland Fjordlandskap med klyngetun og intakt teigstruktur 21 Midtre bygder på Vestlandet 6 Fjordbygdene på Vestlandet og i Trøndelag
Ormelid Luster Sogn og Fjordane Fjellandskap med høgdegard og støler 23 Indre bygder på Vestlandet 6 Fjordbygdene på Vestlandet og i Trøndelag
Alnes på Godøya Giske Møre og Romsdal Kyst- og øylandskap med fiskevær og beitemarker 20 Kystbygdene på Vestlandet

1 Kysten fra

Sør-Norge til Nordland

Kvelia-Kvesjøen Lierne Nord-Trøndelag Skogs- og fjellbygd med ekstensiv utmarksbruk 28 Skog- og innlandsbygdene i Nord-Trøndelag 7 Skogsbygdene i Nord-Norge
Engeløya Steigen Nordland Kyst- og øylandskap med aktivt jordbruk på strandflatene 29 Kystbygdene i Helgeland og Salten og 30 Nordlandsverran

1 Kysten fra

Sør-Norge til Nordland

Skallan-Rå Kvæfjord Troms Fjordlandskap med intakt teigstruktur 32 Fjordbygdene i Nordland og Troms 8 Fjordbygdene i Nordland og Troms