Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Fagplan bibliotek 2017-2020

Fagplan bibliotek 2017-2020

Møre og Romsdal fylkesbibliotek har sendt 1. utkast av Fagplan bibliotek til folkebiblioteka kor vi ber om tilbakemeldingar og innspel innan 14. mars. Det er Fylkestinget som i  juni 2015 (sak T-42/15) vedtok  å gi planen for biblioteksektoren status som handlingsplan knytt til satsingsområdet kultur i fylkesplanen. Handlingsplanen har fått namnet "Fagplan bibliotek".

Møte i arbeidsgruppa f.v.: Tove Aurdal Hjelle, Heidi S. Drageseth, Inger Lise Aarseth, Eileen Gjerde, Madelen Ramsøy, One Marthe J. Vik

Regional planstrategi 2016-2020 (RPS) seier at formålet med planar er å få til ei utvikling av samfunnet som er ønskt - ikkje tilfeldig. Vi treng altså planen for å gjere prioriteringar og sette oss felles mål for framtida. Vi må også legge til rette for medverknad, engasjement og samarbeid om å nå måla.

Vi har vårt mandat i RPS 2016-2020 og målet med planen er at vi skal utforme ein regional bibliotekpolitikk med ei sentral målsetting om at alle innbyggarane skal få eit likt bibliotektilbod, uavhengig av kvar dei bur. Den regionale bibliotekpolitikken skal vere basert på perspektiv som samhandling, nettverksbygging, kompetanseutvikling og biblioteka si samfunnsrolle. RPS 2016-2020 seier at vi skal sette søkelys på utfordringar innan områda struktur og organisering, kompetanse, innhald og teneste.

Fagplan bibliotek seier noko om samfunnsoppdraget til biblioteka. Kva rolle og verkemidlar har fylkesbiblioteket? Kva rolle har folkebiblioteka? Korleis skal biblioteka utvikle seg for å gi alle innbyggarar eit godt bibliotektilbod?  

Hovudmålet er «Biblioteka skal vere aktive formidlarar av kunnskap og kultur, ein uavhengig møteplass og debattarena». Dette er henta frå Fylkesplan 2017-2020 innsatsområde kultur. Planen inneheld 3 satsingsområder og desse blir konkretisert med resultatmål og tiltak i Handlingsprogram, som blir rullert årleg. Satsingsområda er:

  • Litteratur og oppleving
  • Kunnskap og læring
  • Møteplass

Arbeidet er organisert som eit prosjekt, og fylkesbiblioteket si prosjektgruppe har ansvar for planen. Fylkesbiblioteket har knytt til seg ei arbeidsgruppe og ei ressursgruppe med representantar frå fagmiljøet i Møre og Romsdal.  Fylkesbiblioteket vil også ha ein dialog med alle folkebiblioteka og ta den opp som sak på Biblioteksjefsmøte.

  • Arbeidsgruppa har representantar frå folkebibliotek, kommunal kulturleiar, planavdelinga. Prosjektgruppa og arbeidsgruppa skal møtast 3 gongar (21. februar, 6. april, 8. juni), i løpet av prosjektperioden. I tillegg vil vi ha kontakt mellom møta.
  • Ressursgruppa har representantar frå folkebibliotek, skolebibliotek i vidaregåande skolar, kommunane og IKA Møre og Romsdal. Ressursgruppa vil få tilsendt 2. utkast av planen 21. april med frist for tilbakemelding 26. april og 3. utkast 23. mai med frist for tilbakemelding 1. juni. Vi vil også ta kontakt med medlemmar etter behov.

 Planen blir lagt fram som sak i eldrerådet 20. mars, ungdomspanelet 26. april og råd for likestilling av funksjonshemma 22. mai.

 Målet er at planen skal behandlast i kultur- og folkehelseutvalet 06. september, fylkesutvalet 25. september og fylkestinget 16.-17. oktober 2017.