Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Ferrante-omsetjar til BYSMART

Kontaktpersonar

Kjersti Hasselø Kjersti Hasselø
Rådgivar
71 28 03 48 /
Mob. 911 98 760
Send e-post

Ferrante-omsetjar til BYSMART

Møt Kristin Sørsdal som har omsett dei bestselgande Elena Ferrante-bøkene til nynorsk. No er ho aktuell med eigen roman og med BYSMART-foredrag i Molde, Ålesund og Kristiansund.

Kristin Sørsdal har omsett Napoli-kvartetten frå italiensk til norsk.

Bysmart 2017 opnar med foredraget ‘Frå Ferrante til menneske på vandring’. Den 7., 8. og 9. mars kan du møte kvinna som har omsett fem Elena Ferrante-romanar på biblioteka i Ålesund, Molde og Kristiansund. Ho er også aktuell med sin eigen roman ‘Mare’ som nyleg har kome ut.

- Elena Ferrante og Napoli-Kvartetten har verkeleg dominert sals- og utlånslistene både i nasjonalt og lokalt. Kristin Sørsdal er på mange måtar det næraste vi kjem den mystiske forfattaren, og vi gler oss til foredraget hennar og til å høyre meir om hennar eiga bok som nyleg er lansert, seier Kjersti Hasselø, prosjektleiar i Byen som regional motor, som BYSMART er ein del av.

Grensekryssing

Parallelt med omsetjingsarbeidet har Sørsdal skrive sin eigen middelhavsroman med tittelen Mare som kom ut på Samlaget i februar. I denneutforskar ho maktesløysa enkeltmenneske kan føle i vår tids store konfliktar, frustrasjonen over å vere på den heldige sida av grensa, sinnet over å kjenne seg innestengd bak den grensa. Ho har omsett boka Grensa av Alessandro Leogrande, som også omhandlar grensekryssarar og grenseforvaltning.

Kristin Sørsdal (f. 1966) er frå Tromøya utanfor Arendal. Ho er forfattar og omsettar, og Mare (2017) er den tredje boka hennar. Ho er master i italiensk og har i mange år arbeidd som lærar i norsk for flyktningar og innvandrarar. 

Bymotor

Arrangementet inngår i Bysmart, ein foredragsserie i dei tre store byane, i samarbeid mellom bybiblioteka, fylkesbiblioteket, og Møre og Romsdal fylkeskommune. Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket. Målet er å skape byliv og styrke biblioteka som møteplassar. Bysmart er ei knoppskyting i ‘Byen som regional motor’, fylkeskommunens byutviklingsprosjekt. Allereie i neste veke er det nytt BYSMART-arrangement i dei tre byane med Ole O. Moen, professor i Nord-Amerikastudier med foredraget USA- Ei supermakt i demokratisk krise.