Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Fleire skal få gode sykkelopplevingar

Kontaktpersonar

Paula Næss Skår Paula Næss Skår
rådgivar
71 28 03 03
Send e-post

Fleire skal få gode sykkelopplevingar

Denne veka kunne Kristiansund kommune hente ein elektrisk rickshawa-sykkel hos fylkeskommunen. Sykkelen har plass til ein passasjer, og er ypparleg for å få menneske med nedsett funksjonsevne ut i frisk luft,  og sørge for at dei kan kjenne på følelsen av å suse av garde på sykkel igjen. 

Folkehelsekoordinator Bente Elshaug testar den nye sykkelen. Rådgivar Paula Næss Skår er passasjer. 

–No ventar vi berre på vårveret, så skal vi komme oss ut på hjul, smiler folkehelsekoordinator Bente Elshaug i Kristiansund kommune.

Sykkel på prøve

Fylkeskommunen har fått sykkelen fordi dei er medlemmar i  Sunne kommunar, og gjennom ein avtale med den ideelle organisasjonen «Sammen på sykkel». Sykkelen skal no på rundgang i ulike kommunar i fylket, slik at dei kan prøve han ut. Seinare vil det bli trekning over kven som får den til odel og eige.  Kristiansund kommune er først ut, og neste kommune på lista er Rauma.

­– Gjennom medlemskapet vårt i Sunne kommunar, har fylkeskommunen takka ja til å ta imot sykkelen. Eldrerådet fekk i oppgåve å finne ein god måte å bruke sykkelen på. No skal vi låne den ut til ulike kommunar, slik at dei kan teste ut om den er nyttig for deira bruk, seier rådgivar Paula Næss Skår.

Helse for alle

Det er fleire kommunar og fylkeskommunar som har fått slike syklar rundt om i landet, og målet er at fleire skal få gode opplevingar på sykkel, sjølv om dei ikkje er i stand til å sykle sjølv. ­– Sykkelen har plass til ein passasjer, og her er det både varmeteppe og sele, avsluttar Skår.