Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Gjekk du glipp av innovasjonsfestivalen for kreative næringar?

Kontaktpersonar

Carina Stokke Carina Stokke
Rådgivar
71 28 02 92 /
Mob. 482 62 671
Send e-post
Angela Hagen Angela Hagen
kst. stabsleiar og rådgivar
71 28 02 17 /
Mob. 975 49 215
Send e-post

Gjekk du glipp av innovasjonsfestivalen for kreative næringar?

Fortvil ikkje! Her finn du informasjon og foredrag frå dagen.  

HARDT ARBEID LØNNAR SEG: Dag-Erik og Ruben var blant dei som kan hauste fruktene til innovasjonsfestivalen

PR-studentane frå Høgskulen i Volda var tilstades under heile festivalen. Dei har laga ein reportasje, og den kan du lese her:  

Pangstart for innovasjonsfestival

For første gong blei det arrangert festival for kreative næringar på Terminalen i Ålesund. Arrangementet blei halde for verksemder som er i tenkeboksen, i startfasen eller klare for å ta neste steg innan kreativ næring.

Tekst og foto: Natalie Hermansen, Hanna Mørk Fossen, Eirik Aarseth

Tysdag 15. november arrangerte Møre og Romsdal fylkeskommune Innovasjonsfestival for kreative næringar. Gaute Grøtta Grav leia dei kring 120 personane på deltakarlista gjennom sju timar med eit fullspekka kreativt program. Til stades i lokalet var ei variert samling av aktørar frå dei kreative næringane. Festivalen blei arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med grunderhjelpa hoppid.no.

May-Britt Roald og Malene Aaram Vike frå hoppdi.no
Til stades for gründerane

hoppid.no er ei regional gründerhjelp som skal gjere det lettare for entreprenører i Møre og Romsdal å lukkast. Malene Aaram Vike og May-Britt Roald representerte organisasjonen under festivalen, og er til vanleg tilsette som rådgivarar i Fylkeskommunen.

-hoppid.no tilbyr etableringshjelp til gründerar frå alle bransjar som manglar nettverk, og som ønskjer å få kontakt med næringslivet, fortel Vike.

-Innovasjonsfestivalen er ein fin måte å samle den kreative næringa på. Festivalen bidreg til å gjere heile næringa synleg samstundes som enkeltpersonar blir heia fram. 

Suksesstart for Aninaut

Dag-Erik Hansen og Ruben Bergsnes Nerheim i Aninaut Studios AS forlot Innovasjonsfestivalen heile 110 000 kroner rikare. Animasjonsfilmen deira “Babbel” vann Vestnorsk Filmsenter sin minuttfilm-konkurranse, i tillegg var dei ein av fire som fekk startstipend for kreative talent av Møre og Romsdal fylkeskommune. Hansen og Nerheim er nyleg uteksaminert frå animasjonslinja ved Høgskulen i Volda, og har valt å etablere firmaet sitt på Sunnmøre.

-Vi har trua! Det positive med å drive kreativ næringsverksemd her, er at det ikkje er ein tetta marknad slik som i Oslo og Bergen, seier Hansen.
Animatørane ønskjer å tipse andre til å “hoppe i det” og satse på draumane sine.

-Ta kontakt med dei kreative støtteordningane som er relevante, gå saman med andre og skap nettverk. Dersom ein har trua på det ein gjer, kan ein kome lenger enn ein trur, avsluttar Nerheim. 

- slutt - 

På jakt etter nettverk?

Nettverket Kreative Møre og Romsdal var også tilstades på festivalen og streama innlegga. Dette er eit nettverk som skapar møteplassar for deg som er interessert i eller jobber i dei kreative næringane i Møre og Romsdal. Du finn Kreativfylket på facebook.